Brann Stadion
Brann Stadion er ein fotballstadion på Minde i bydelen Årstad, om lag 3 km sør for Bergen sentrum. Han er fotballklubben Brann si heimebane. Stadionet er ein del av et idrettsanlegg saman med Haukelandshallen og Nymarksbanane, og vart bygd i 1919. Publikumsrekorden er på 24 800 i semifinalen i cupen mot Fredrikstad FK 1. oktober 1961. I seriesamanheng er rekorden 23 900 mot Lillestrøm 8. mai 1978
Brann Stadion | |||||
Adresse | Boks 161 5826 Minde | ||||
Eigar | Brann Stadion ASA | ||||
Drift | Brann Stadion ASA | ||||
Brukarar | Brann | ||||
Underlag | Gras | ||||
Banestorleik | 105 x 68 m | ||||
Kapasitet | 17 317 | ||||
Arkitekt | Rasmussen & Lundekvam | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Hendingar | |||||
Heimekampane til Brann |
Tribunar
endreBrann Stadion er delt inn i fire tribunar:
- Søndre tribune har ein kapasitet på 4 496 sitteplassar, og er bygd i tre steg. Den midterste delen er eldst, og vart bygd i 1930-åra, vestre del på 1960-talet og austre del i 1997. *Frydenbøtribunen eller vestre sving (fram til 2005-sesongen kalla Hansasvingen) stod ferdig i 1999, og har ein kapasitet på 4 053 sitteplassar.
- BT-tribunen (tidlegare Klokkesvingen) stod ny i 2006 og har ein kapasitet på 3 655 sitteplassar.
- I 2007 stod ein ny sittetribune, kalla SPV-tribunen (Sparebank1 Vest-tribunen), ferdig. Han erstatta Umbro-tribunen og Store Stå og har ein kapasitet på om lag 4 300 sitteplassar og losjar.
Totalt har Brann Stadion i 2007 om lag 17 500 sitteplassar i tillegg til ståplassar føre vestre del av Søndre tribune. Etter 2007-sesongen vart det meininga at den gamle Søndre tribune skulle rivast og erstattast av ein ny tribune. På grunn av ein del uavklarte problemstillingar, som auke trafikk til stadion i vekene, vart rivinga utsett til 2008. I samband med den nye tribunen skal svingane mellom kortsidene og den nye tribunen fyllast igjen, og det er venta at den nye kapasiteten vil ligge i på rundt 22 000 når tribunen står ferdig til sesongen 2009. Heile utbygginga, medrekna BT- og SPV-tribunen, har ei kostnadsrame på 120 millionar kroner. Banen er 105m x 68m
Historie
endreTre cupfinalar har vorte spelt på Brann Stadion. Den første var i 1922 då Odd slo Kvik 5-1 føre 8 000 tilskodarar. I 1930 såg 6 000 tilskodarar Ørn slå Drammens BK 4-2, medan 25 000 var til stades då Skeid i 1947 slo Viking 2-0.
Noreg har spelt 17 A-landskampar på Brann Stadion. Den første var mot Wales i 1933, der det vart tap 1-2. Etter dette tapte aldri Noreg ein einaste A-landskamp i Bergen, og Noreg stod att med 12 sigrar og 4 uavgjort med ein total målskilnad på 52-18. Den siste A-landskampen på Brann Stadion var mellom Noreg og Ungarn i 1990. Den kampen enda 0-0.
Galleri
endre- Brann Stadion
-
Brann Stadion, 7. januar 2005
-
Brann Stadion, 16. april 2007
-
Brann Stadion, 16. april 2007
-
Brann Stadion, 18. september 2008
-
Brann Stadion, 7. april 2009
Kjelder
endre- www.brann.no Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Om Stadion ved brann.no
Bakgrunnsstoff
endre- Om Stadion ved brann.no