Strømsgodset Toppfotball

Strømsgodset IF er ein norsk fotballklubb frå Drammen. Han vart stifta 10. februar 1907.

Strømsgodset
Fullt namnStrømsgodset Toppfotball
KallenamnGodset
Kort namnSIF
Grunnlagd10. februar 1907
HeimebaneMarienlyst stadion
(kapasitet: 8935)
StyreformannTom Saxegaard
HovudtrenarHenrik Pedersen
LigaEliteserien i fotball for menn
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben spelar i Eliteserien, og har også eit lag i 3. divisjon avdeling 2 (2020). Noverande hovudtrenar er Henrik Pedersen. Klubben spela tidlegare i 1. divisjon (Adeccoligaen), men rykte opp til Tippeligaen etter uavgjort mot Løv-Ham 5. november 2006. Like etter sesongslutt i 2005 vart klubben kjøpt opp av lokale mangemillionærar, med Atle Kittelsen i spissen.

Klubben hadde stordomstida si på slutten av 1960-talet og byrjinga av 1970-talet. Strømsgodset vann toppserien i 1970 og 2013, og cupen i 1969, 1970, 1973, 1991 og 2010.

I seinare tid har Strømsgodset vunne cupen i 1991 og var tapande finalist i 1993 og 1997. Laget fekk òg 3. plass i Tippeligaen i 1997, 2. plass i 2012 og vant altså i 2013.

Klubben har sidan 1967 spela heimekampane sine på Marienlyst stadion i Drammen, tidlegare på Gulskogen Idrettspark.

Noverande tropp

endre

Tidligare spelarar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre