Dieselsyklusen
Dieselsyklusen er ein termodynamisk syklus som modellerer ein teoretisk dieselmotor. Praktiske dieselmotorar avvik ein god del frå den teoretiske dieselsyklusen og arbeider i røynda etter Seiliger-Sabathé-syklusen.
Prosessar i syklusen
endre- (1 - 2) isentrop prosess - kompresjon av luft-gassblandinga (mekanisk energi vert tilført) (blå linje)
- (2 - 3) isobar prosess - termisk energi vert tilført frå forbrenning av drivstoff, under konstant trykk, trykket set stemplet i rørsle og energi vert levert til omgjevnadane i form av mekanisk arbeid. (raud linje)
- (3 - 4) isentrop prosess - trykket i sylinderen held fram med å driva stempet framover og mekanisk energi vert levert til omgjevnadane i form av mekanisk arbeid. (gul linje)
- (4 - 1) isometrisk prosess - trykkfall når eksosen vert sleppt ut av sylinderen (grøn linje).