DigitaltMuseum

(Omdirigert frå Digitalt museum)

DigitaltMuseum er ein felles database over samlingar i norske og svenske kunst- og kulturhistoriske museum. Tenesta vart skipa i 2009. Databasen vert utvikla og driven av KulturIT, som er eigd av Maihaugen og Norsk Folkemuseum, og mottek støtte frå Norsk kulturråd, tidlegare ABM-utvikling. Målet med DigitaltMuseum er at musea sine samlingar skal vere lett tilgjengelege for alle interesserte, uavhengig av tid og stad.

DigitaltMuseum

Type nettstadKatalog
Tilgjengeleg påFlagget til Noreg Norsk, Flagget til Sverige Svensk og engelsk
Grunnlagd2009
Nettstadwww.digitaltmuseum.org
KommersieltNei
StatusOperativ
Eit av mange objekt frå DigitaltMuseum: Bartekopp frå Porsgrunds Porselænsfabrik frå ca. 1908.

Per 1. februar 2013 var om lag 1 160 000 gjenstander frå 116 museum og samlingar tilgjengelege på nettstaden til DigitaltMuseum.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: DigitaltMuseum