Dimosthenis Tampakos
Dimosthenis Tampakos (fødd 12. november 1976) er ein gresk tidlegare turnar frå Thessaloniki. Han vart europameister, verdsmeister og til sist olympiameister, alt i ring-øvinga.
Dimosthenis Tampakos | |
Fødenamn | Δημοσθένης Ταμπάκος |
Statsborgarskap | Hellas |
Fødd | 12. november 1976 (48 år) Thessaloníki |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's rings, Turn under Sommer-OL 2004 – Ringer menn |
Frå 1998 til 2004 sanka Tampakos jamnt medaljar i internasjonale meisterskap og leikar, alle i ringar. Etter gull i EM 2000 i Bremen, fekk han sølv i Sydney-OL same året. I Turn-VM 2003 delte han fyrsteplassen i øvinga med Jordan Jovtsjev frå Bulgaria. År 2004 sikra han seg gullmedaljen ved EM i Ljubljana, tre månader seinare vann han den olympiske gullmedaljen i Athen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dimosthenis Tampakos» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2024.