Dingwall (skotsk-gælisk Inbhir Pheofharain) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 5000 innbyggjarar og var tidlegare burgh. Dingwall ligg på nordaustkysten av Skottland ved Cromarty Firth, ein sidearm til Moray Firth. Næraste større by er Inverness 23 kilometer sørvest for Dingwall.

Dingwall
Inbhir Pheofharain
by
Land  Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Ross and Cromarty
Folketal 5 026  (2001)
Postnummer IV15
Retningsnummer 0 1349
Kart
Dingwall
57°35′50″N 4°25′40″W / 57.597222222222°N 4.4277777777778°W / 57.597222222222; -4.4277777777778
Wikimedia Commons: Dingwall, Highland

Etymologi endre

Det engelske namnet Dingwall er avledet av det norrøne Þingvöllr som tyder tingvoll eller tingstad. Det gæliske namnet Inbhir Pheofharain tyder «munningen til Peffery».

Historie endre

 
Utsikt over Dingwall mot Ben Wyvis
Foto: Leo Wildi
.

Dingwall vart truleg grunnlagd i norrøn tid, som ein grensepost mellom det nordlege norrøne jarledømet som kontrollerte Orknøyane, Caithness og Sutherland, og dei skotske områda lenger aust og sør. Lokale historikarar trur det var orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson Rike som grunnla Dingwall rundt 1050.[1]

Byen kom ikkje under kontroll av dei skotske kongane før omkring år 1200, og i 1226 gav Aleksander II av Skottland byen status som kongeleg burgh. Borga, som truleg hadde eksistert frå norrøn tid, vart utvida og var ein viktig strategisk festning. Under den skotske sjølvstendekrigen var borga teken av soldatane til Edvard I av England.

Dingwall vart sete både for jarledømet Ross og det seinare grevskapet Ross-shire. Angus Lord of the Isles erobra Dingwall i 1411 under forsøket sitt på å få kontroll over jarledømet Ross. Han måtte likevel trekkje seg tilbake, men sonen hans Aleksander vart respektert som jarl av Ross i 1438 og regjerte frå Dingwall.

Anna endre

 
Victoria park

Det lokale fotball-laget er Ross County, dei spelar i skotsk førstedivisjon. Heimebana er Victoria Park.

Kjelder endre

  1. David MacDonald. «A Brief History of Dingwall» (på engelsk). Henta 2. november 2011.