Dinniyeh

Dinniyeh (òg kalla Addinniyeh, Al Dinniyeh, Al Danniyeh, arabisk skrift الضنية) er eit område i Miniyeh-Danniyeh distrikt i Nord guvernement i Libanon. Området ligg aust for Tripoli, og strekkjer seg så langt nord som til Akkar distrikt, sør til Bsharri distrikt og Zgharta distrikt og så langt aust som til Baalbek og Hermel. Dinniyeh har eit økologisk miljø fylt med skogområde, frukthagar og lundar. Fleire landsbyar ligg i dette fjellområdet og den største er Sir Al Dinniyeh.[1]

KjelderEndra