Opna hovudmenyen

Dino Zoff

italiensk fotballspelar

Dino Zoff (fødd 28. februar 1942 i Mariano del Friuli i provinsen Gorizia) er ein italiensk tidlegare fotballkeeper og -trenar. Han var kaptein for Italia då landet under VM i fotball 1982 vann sin tredje VM-tittel.

Dino Zoff
Dino Zoff - 1972 - Juventus FC.jpg
Personleg informasjon
Fødselsdato 28. februar 1942 (77 år)
Fødestad Mariano del Friuli i Italia
Høgd 182 cm
Posisjon Målvakt
Ungdomsklubbar
Udinese Calcio
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1961-1963 Udinese 38 (0)
1963-1967 Mantova 131 (0)
1967-1972 Napoli 143 (0)
1972-1983 Juventus 330 (0)
Totalt 642 (0)
Landslag
1968-1983 Italia 112 (0)
Trenar for
1988-1990 Juventus
1990-1994 Lazio
1996-1997 Lazio
2001 Lazio
2005 Fiorentina
Landslagstrenar for
1998-2000 Italia
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2007
‡ Landslagsmål oppdatert 17. mai 2007

Karriere som spelarEndra

Zoff spelte 112 landskampar og deltok i fire verdsmeisterskap. I 1982 krona han den 22-årige karrieren som 40-åring ved å vinne VM i Spania. Han er den eldste fotballspelaren som er blitt verdsmeister (per 2009).

Zoff sette fleire rekordar i løpet av karrieren, mellom anna spelte han i perioden frå 20. september 1972 og 15. juni 1974 heile 1143 minutt på landslaget utan å sleppe inn mål. For klubben Juventus spelte han kvar einaste seriekamp 330 serierundar på rad. Han spelte i alt 570 Serie A-kampar.

TrenarkarriereEndra

Som trenar vann Dino Zoff UEFA-cupen 1989/90 med Juventus. Seinare trente han Lazio og Fiorentina. Etter VM 1998 overtok han treneransvaret for det italienske landslaget etter [Cesare Maldini, og to år seinare tok Italia sølv i EM. Etter tapet (1-2) mot FrankrikeGolden Goal trekte han seg som landslagstrenar same kveld. Etterfølgjaren til Zoff vart Giovanni Trapattoni.

KjelderEndra