ACF Fiorentina

(Omdirigert frå Fiorentina)

ACF Fiorentina er ein fotballklubb frå Firenze i Italia. Klubben vart danna som Florentia Viola i 2002, etter at forgjengaren AC Fiorentina gjekk konkurs same året. ACF Fiorentina fekk sitt noverande namn i 2003 og reknar klubbhistoria tilbake til 1926, då AC Fiorentina vart stifta gjennom ei samanslåing av to lokale fotballag. Klubben er vide kjend for sine klubbfargar med lilla trøyer og bukser.

Fiorentina
ACF Fiorentina.svg
Fullt namnACF Fiorentina SpA
KallenamnLa Viola «Lilla»
I Viola «Dei lilla»
Il Gigliati «Liljane»
Grunnlagd29. august 1926 (som Associazione Calcio Fiorentina)
1. august 2002 (som AC Fiorentina e Fiorentina Viola
HeimebaneStadio Artemio Franchi
(kapasitet: 47,006[1])
HovudtrenarVincenzo Montella
LigaSerie A
2020/2114. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Fiorentina vann Cupvinnarcupen i 1961, og tapte finalen i same turneringa året etter. Klubben nådde i 1957 finalen i Europacupen, der det vart tap for Real Madrid, Europas beste fotballag i siste halvdel av 1950-åra. I 1990 tapte Fiorentina finalespelet i UEFA-cupen, borte-/heimekamp, med 1-3 for Juventus. Fiorentina har vunne to seriemeisterskap i Italia, fyrst i 1956 og så på ny i 1969. Seks gongar har klubben gått til topps i den italienske cupen; Coppa Italia.

Sidan 1931 har Fiorentina spela på Stadio Artemio Franchi, eit stadion med plass til 47 282 tilskodarar.

SpelarstallEndra

22. september 2021[2][3]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Pietro Terracciano
2   F Lucas Martinez Quarta
3   F Cristiano Biraghi
4   F Nikola Milenković
5   MB Giacomo Bonaventura
8   MB Alfred Duncan (på lån frå Sassuolo)
8   MB Riccardo Saponara
9   A Dušan Vlahović
10   MB Gaetano Castrovilli
14   MB Yussef Maleh
18   MB Lucas Torreira (på lån frå Arsenal)
21   K Antonio Rosati
22   A Nicolas Gonzalez
Nr. Posisjon Spelar
23   F Lorenzo Venuti
24   MB Marco Benassi
29   F Álvaro Odriozola (på lån frå Real Madrid)
33   A Riccardo Sottil
34   MB Sofyan Amrabat
55   F Matija Nastasic
69   K Bartlomiej Dragowski
77   A Josè Marìa Callejón
78   MB Erick Pulgar
91   F Aleksa Terzic
91   A Aleksandr Kokorin
98   F Igor

KjelderEndra