Dionýsios Kásdaglis

Dionýsios Kásdaglis (gresk Διονύσιος Κάσδαγλης) (10. oktober 18721931) var ein gresk-egyptisk tennisspelar. Han deltok under sommar-OL 1896 i Aten.

Dionýsios Kásdaglis


Kásdaglis under tennisfinalen i sommar-OL 1896.

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 10. oktober 1872
Salford
Død 1931
Idrett tennis
Tok del i Tennis under Sommer-OL 1896 – Single menn, Tennis under Sommer-OL 1896 – Double menn, tennis at the 1906 Intercalated Games – mixed doubles
Medaljeoversikt
Tevla for Hellas
Tennis
Sølv Sommar-OL 1896 Singel
Tevla for blanda lag
Tennis
Sølv Sommar-OL 1896 Dobbel

Olympiske leikar

endre

Kásdaglis deltok i tennis singel for Hellas under sommar-OL 1896. Nokre kjelder seier at han deltok for Egypt sidan han budde i den egyptiske byen Alexandria i 1896, men han står oppført som gresk i medaljestatisikken til Den internasjonale olympiske komité (IOK). Han deltok òg i tennis dobbel saman med greske Dimítrios Petrokókkinos, som ikkje er identifisert med nokon nasjon, som eit blanda lag.

Han vann sølv i båe øvingane, men det vart ikkje utdelt gull-, sølv- og bronsemedaljar under sommar-OL 1896 i Aten. Vinnaren fekk ein sølvmedalje og andreplassen fekk ein bronsemedalje. Det var fyrst under sommar-OL 1904 det vart utdelt medaljar til dei tre beste, men IOK har stadfesta at medaljefordelinga òg gjeld for dei olympiske leikane i 1896 og 1990.

Kjelder

endre