Blanda lag under sommar-OL 1896

Eit blanda lag (IOK-kode ZZX) deltok for fyrste gong under sommar-OL i 1896, som òg var dei fyrste moderne olympiske sommarleikane. Tre blanda lag deltok, med utøvarar frå Storbritannia, Tyskland, Hellas og Australia.

Blanda lag under sommar-OL 1896
Olympic flag.svg
IOK-kode ZZX
Utøvarar 6
Idrettsgreiner 1
Medaljefordeling under sommar-OL 1896
Gull 1
Sølv 1
Bronse 1
Totalt 3
Olympisk historie
Olympiske sommarleikar
1896 · 1900 · 1904 · 19061 · 1908–2012
1 ikkje offisielt anerkjend av IOK

MedaljarEndra

  1896   Gull     Sølv   Bronse   Totalt  
  Blanda lag 1 1 1 3

Det vart ikkje utdelt gull-, sølv- og bronsemedaljar under sommar-OL 1896 i Aten. Vinnaren fekk ein sølvmedalje og andreplassen fekk ein bronsemedalje. Det var fyrst under sommar-OL 1904 det vart utdelt medaljar til dei tre beste, men Den internasjonale olympiske komité (IOK) har stadfesta at medaljefordelinga òg gjeld for dei olympiske leikane i 1896 og 1990.

MedaljevinnararEndra

  Blanda lag under sommar-OL 1896 i Aten  
Medaljar Utøvarar Idrettsgreiner Øvingar Resultat
  align=left|   John Pius Boland (GBR)
  Friedrich Traun (GER)
  Tennis Dobbel
  align=left|   Dionýsios Kásdaglis (GRE)
  Dimítrios Petrokókkinos (GRE)
  Tennis Dobbel
  align=left|   Edwin Flack (AUS)
  George S. Robertson (GBR)
  Tennis Dobbel

Dionýsios Kásdaglis står oppført som gresk i medaljestatistikken til IOK frå singel tennis i 1896. Same år deltok han i dobbel tennis, saman med Dimítrios Petrokókkinos, men står der oppført som eit blanda lag. Petrokókkinos, som ikkje har vunne nokon medalje i singel tennis, er ikkje identifisert med nokon nasjon i statistikken til IOK, men alle kjelder seier at han er gresk. Kásdaglis, ein grekar busett i Alexandria i Egypt, vert oppført som egyptisk i nokre kjelder.

Edwin Flack deltok som australiar, men Australia vart ikkje ein sjølvstendig nasjon før i 1991. Dei nytta difor flagget til Det britiske imperiet, som dei var ein del av.

KjelderEndra

  • Lampros, S.P.; Polites, N.G.; De Coubertin, Pierre; Philemon, P.J.; & Anninos, C. (1897). The Olympic Games: BC 776 – AD 1896. Athens: Charles Beck.  (Digitally available at [1])
  • Mallon, Bill; & Widlund, Ture (1998). The 1896 Olympic Games. Results for All Competitors in All Events, with Commentary. Jefferson: McFarland. ISBN 0-7864-0379-9.  (Excerpt available at [2])
  • Smith, Michael Llewellyn (2004). Olympics in Athens 1896. The Invention of the Modern Olympic Games. London: Profile Books. ISBN 1-86197-342-X.