Diplomatområdet (arabisk المنطقة الدبلوماسية; al-Mantiqah ad-Diblomasiyah) er eit område i Manama, hovudstaden i Bahrain. Området vart bygd på eit tørrlagd kystområde i 1970-åra og gradvis utvida i 1980-åra. Diplomatområdet er finansdistriktet i Manama, og husar hundrevis av bankar, investeringsføretak og takaful-lag som tener heile Persiabukta. Det består hovudsakleg av høghus.[1][2]

Diplomatområdet
bydel
Land  Bahrain
Guvernement Hovudstadsguvernementet
By Manama
Kart
Diplomatområdet
26°14′30″N 50°35′40″E / 26.24166667°N 50.59444444°E / 26.24166667; 50.59444444

Ambassadane til Saudi-Arabia og Kuwait ligg i området, og det same gjer Bahrain nasjonalmuseum.

Kjelder

endre
  1. «Diplomatic Area, Manama». allposters.com. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 2. september 2017. 
  2. Ben Hamouche, Mustapha (2008). The Evolving Arab City: Tradition, Modernity and Urban Development. Routledge. s. 206. ISBN 9781134128211. [daud lenkje]