Opna hovudmenyen

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

DSB sitt hovudkontor i Tønsberg i Vestfold.

Direktoratet for samfunnstryggkeik og beredskap (DSB) er eit statleg forvaltingsorgan som ligg under Justis- og politidepartementet. Det vart oppretta 1. september 2003. Direktoratet sitt føremål er å bidra til å hindra tap av liv og verna om helse, miljø, viktige samfunnsfunksjonar og materielle verdiar i samband med ulukker, katastrofar og andre uønskte hendingar i fred, krise og krig. Sivilforsvaret ligg under DSB.

Direktoratet har oppgåver i samband med førebyggjande arbeid, krisehandtering, utgreiingar og analysar, sivilt-militært samarbeid, øvingar og evaluering og tilsyn.

Direktoratet er leia av ein direktør, for tida (2005) Jon A. Lea, som har åtte einingar/avdelingar under seg. Desse er:

  • Utgreiing og nasjonal beredskap
  • Brann, redning og sivilforsvar
  • Førebygging og eltryggleik
  • Næringsliv, produkt og farlege stoff
  • Informasjon og samfunnskontakt
  • HR/Personal
  • Administrasjon
  • Stab

Hovudkontoret til Direktoratet ligg i Tønsberg (frå januar 2005). Direktoratet rår over 20 sivilforsvarsdistrikt, fem sivilforsvarsleirar, fem skular og fem regionkontor for el-tilsyn. DSB har rundt 670 tilsette, av desse er om lag 240 ved hovudkontoret i Tønsberg.

BakgrunnsstoffEndra