Opna hovudmenyen

Dirk Kuijt

nederlandsk fotballspelar

Dirk Kuijt, eller Dirk Kuyt (fødd 22. juli 1980 i Katwijk aan Zee i Zuid-Holland) er ein nederlandsk fotballspelar. Han spelar i angrep for Liverpool i engelsk Premier League, og for det nederlandske landslaget.

Dirk Kuijt
Dirk Kuyt 2012.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Dirk Kuijt
Kallenamn Mr. Duracell
Fødd 22. juli 1980
Fødestad Katwijk
Høgd 184 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Liverpool
Nummer 18
Ungdomsklubbar
1985-1998 Nederland Quick Boys
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2003
2003-06
2006-
Nederland Utrecht
Nederland Feyenoord
Flag of England.svg Liverpool
160 (51)
101 (71)
134 (36)
Landslag
2004- Nederland Nederland 60 (14)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Innhaldsliste

KlubbkarriereEndra

Kuijt begynte proffkarrieren sin hjå Utrecht i 1998, der han snøgt kom med på førstelaget. Han var i klubben i fem år. I den siste sesongen sin der, vann han den nederlandske cupen. Han gjekk til Feyenoord i 2003 for 1 million euro. Han vart klubbkaptein der i 2005, og var klubben sin toppskårar tre sesongar på rad. I 2004/05-sesongen vart han toppskårar i den nederlandske toppdivisjonen, Eredivisie, og i 2005/06 vart han kåra til årets spelar i Nederland. Han gjekk berre glipp av fem kampar på sju sesongar frå 1999 til 2006, og spelte 179 kampar på rad frå 2001 til 2006. Etter tre år i Feyenoord gjekk han til Liverpool for 10 millionar pund i 2006. Han kom raskt med på førstelaget der, og vart Liverpool sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 12 seriemål. Han skåra for Liverpool i finalen i Meisterligaen i 2007, der Liverpool tapte 2-1 for Milan.

LandslagskarriereEndra

Marco van Basten tok over som landslagssjef i 2004 gjennomførte han eit generasjonsskifte på laget, som kom Kuijt til gode. I september 2004 debuterte han for A-landslaget i van Basten sin første kamp som sjef, mot Liechtenstein. Han har vore fast på landslaget sidan då, og spelte i 12 av VM-kvalifiseringskampane før fotball-VM i 2006.

Under sjølve VM starta Kuijt på benken, men kom inn som innbytar etter 69 minutt i den første kampen, mot Serbia og Montenegro, og spelte ikkje i den andre kampen. Då Nederland allereie var kvalifisert til åttandedelsfinalen, fekk han spela den tredje kampen, mot Argentina, frå start på høgrevingen. Han fekk òg spela i åttandedelsfinalen, der Nederland vart slått av Portugal.

Under fotball-EM i 2008 vart Kuijt brukt som høgreving. Han skåra eitt mål mot Frankrike i gruppespelet. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 skåra Kuijt tre mål.

AnnaEndra

Kuijt er gift og har ei dotter og to søner. Han har oppretta stiftinga Dirk Kuyt Foundation, som støttar sports- og utviklingsprosjekt.

KjelderEndra

Denne artikkelen starta med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 20. april 2010.

BakgrunnsstoffEndra