Marco van Basten, eigentleg Marcel van Basten,(fødd 31. oktober 1964) i Utrecht i Nederland, er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar og -trenar. Han spela for klubbane Ajax Amsterdam og Milan, og på det nederlandske landslaget. Han var mykje delaktig i først Ajaxs og seinare Milans triumfar. Basten vert rekna som ein av fotballsportens aller beste angrepsspelarar. Basten var på sitt beste i siste halvdelen av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Hans tid som aktiv, profesjonell fotballspelar strekte seg frå 1982 til –93. Basten var landslagstrenar for Nederland 2004-08.

Marco van Basten
van Basten i 2006
Personleg informasjon
Fullt namn Marcel van Basten
Fødd 31. oktober 1964 (59 år)
Fødestad Utrecht i Nederland
Høgd 188 cm
Posisjon Spiss
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981-1987 Ajax 133 (126)
1987-1995 Milan 147 (90)
Totalt 280 (218)
Landslag
1983–1992 Nederland 58 (24)
Trenar for
2003-2004 Jong Ajax
2008-2009 Ajax
2012-2014 Heerenveen
2014 AZ
2014-2015 AZ (assistenttrenar)
Landslagstrenar for
2004-2008 Nederland
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Ajax endre

Basten fekk kontrakt med Ajax då han var 17 år gammal. Han debuterte på klubblaget i april 1982, skåra eit mål i ein seriekamp der det vart siger 5-0. I sin første heile sesong (1982/83) skåra han ni mål på 20 seriekampar. Han tevla om posisjonen som midtspiss med Wim Kieft, ein av Europas beste senterløparar i den tida. I alle dei neste fire sesongane, frå 1983/84 til –86/87 vart han toppskårar i den nederlandske ligaen. Til saman dei fire sesongane skåra han 117 seriemål og det på 112 kampar. I 1985/86-sesongen skåra han 37 seriemål, seks av dei kom i ein kamp mot Sparta Rotterdam, og han vart tildelt gullstøvelen som den beste målskåraren i heile Europa.

Milan endre

Frå 1987 spela Basten for den italienske klubben Milan. I Milan forma han frå 1988 i lag med landsmennene Ruud Gullit og Frank Rijkaard ein legendarisk trio i paritet med den svenske Gre-No-Li. Milan hadde då nokre store år, klubben vann ei rad europeiske cuptitlar. I ligaen spela laget frå 1991 til –93 58 kampar i rekkefølgje utan å tape, noko som er italiensk ligarekord. Både i 1990 og –92 var han toppskårar i serien.

Basten var mykje plaga av skadar, noko som kom etter mange og harde taklingar mot han. Meisterligafinalen 26. mai 1993 mot Olympique Marseille vart hans siste kamp. Kampen enda for Milan med 0-1 tap. Basten prøvde i to år forgjeves å kome tilbake frå skade.

Landslagsspel endre

Basten debuterte på landslaget mot Island 7. september 1983.

 
Landslagtrenar Marco van Basten under EM 2008

Med det spelarmaterialet som Nederland rådde over mot slutten av 1980-talet var landslaget vanskeleg å slå. Nederlands fotballandslag feira sin største triumf då det vann EM-gull i 1988. Sovjetunionen vart slått med 2-0 i finalen. I finalen skåra Basten eit minneverdig mål. Frå knapp vinkel gav han Nederland leiinga med eit vedunderleg volleyskot over målvakta og inn i målet. Med fem nettkjenningar vart han toppskårar i turneringa.

Basten deltok i ytterlegare eit VM- (1990) og eit EM-sluttspel (1992). Under EM 1992 vart Nederland utslegne i semifinalen etter straffetevling. Basten sitt straffeskot vart redda av Danmarks målvakt Peter Schmeichel.

Basten spela 58 kampar i Nederlands landslagsdrakt og skåra 24 landslagsmål.

Seinare år. Trenargjerning endre

Basten fekk i 1995 arbeid i Ajax sin organisasjon. Første åra virka han i ungdomsavdelinga. I 2003 vart han assistent-trenar for klubbens førstelag.

Etter EM 2004 tok Marco van Basten over som landslagstrenar for Nederlands fotballandslag. Han slutta etter EM 2008, ein meisterskap der Nederland spela glitrande fotball i innleiande kampar. Men i kvartfinalen tapte laget for Russland.

Meistertitlar endre

  • Europameister: 1988
  • Europacupen: 1989, 1990 (AC Milan)
  • Cupvinnarcupen: 1987 (Ajax Amsterdam)
  • Nederlandsk seriemeister: 1983, 1985 (Ajax)
  • Nederlandsk cupmeister: 1983, 1986, 1987 (Ajax)
  • Italiensk seriemeister: 1988, 1992, 1993 (Milan)
  • Europeisk supercup: 1989, 1990 (Milan)
  • Interkontinentalcupen: 1989, 1990 (Milan)

Ymse endre

Basten vart kåra til årets fotballspelar i Europa 1988, 1989 og 1992. Det siste året fekk han også FIFAs pris som verdas beste fotballspelar.

Kjelder endre