Dirty Old Town
song by Ewan MacColl
Dirty Old Town Singel av The Dubliners | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1968 | |
Sjanger | Folk, irsk, pop | |
Lengd | 2:53
| |
Selskap | Major Minor | |
Komponist | Ewan MacColl | |
Tekstforfattar | Ewan MacColl | |
Låtskrivar(ar) | Ewan MacColl | |
Produsent | Tommy Scott | |
The Dubliners-kronologi | ||
«Maids When You're Young Never Wed An Old Man» (1967) |
Dirty Old Town | «Hand Me Down My Bible» (1971)
|
«Dirty Old Town» er ein song skriven av Ewan MacColl i 1949 og gjort populær av The Dubliners. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre.
Historie
endreSongen vart skriven om Salford i Lancashire i England, byen der MacColl vart fødd og voks opp. Han vart opphavleg skriven for eit mellomspel som skulle dekkje eit scenebyte i skodespelet hans Landscape with Chimneys i 1949, sett til ein industriby i Nord-England.[1]
The Dubliners
endreListe (1968) | Plassering |
---|---|
Irland (IRMA)[2] | 10 |
UK Singles (Official Charts Company)[3] | 43 |
Andre versjonar
endreKjende utgåver av songen er spelt inn av:
- Den første offentlege framføringa kan ha vore i skodespelet «Landscape with Chimneys», skriven for Theatre Workshop og produsert av Joan Littlewood i 1951
- Den første innspelinga av McColl sjølv, «Dirty Old Town / Sheffield Apprentice», TRC 56 / 1952
- B-sida av «Hard Case / Dirty Old Town», med vokal av McColl og Peggy Seeger, Alan Lomax and the Ramblers, Decca F 10787 (singel, UK, 1956)
- Visesongaren Jackie Washington i 1962 på albumet hans Jackie Washington[4]
- Esther & Abi Ofarim spelte inn songen i 1963 for albumet deira «Lieder und songs». Dei spelte òg inn versjonar på fransk og tysk, i lag med ein nymiksa versjon for USA.[5]
- Chad & Jeremy i 1964 på albumet deira Yesterdy's Gone
- Rod Stewart i 1969 på albumet hans An Old Raincoat Won't Ever Let You Down
- Roger Whittaker i 1977 på albumet hans Live In Canada[6]
- The Pogues i 1985 på det andre albumet deira, Rum, Sodomy and the Lash og vart seinare nytta i den siste episoden av Rescue Me.
- The Mountain Goats i 2002 på EP-en Devil in the Shortwave.
- Johnny Logan spelte inn songen på albumet sitt The Irish Connection (2007).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dirty Old Town» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: