Irsk musikk er musikk innan fleire ulike sjangrar som er blitt til på øya Irland.

Bodhrán, tradisjonell irsk tromme.

Tradisjonsmusikken frå øya er kjend som irsk folkemusikk, og er både ei levande musikkform i heimlandet og populær utanfor, med påverknad på musikkstilar i Stobritannia og USA, som country og roots music, som vidare har hatt ein del påverknad på moderne rock. Ein har også blanda musikkstilen med andre sjangrar, som rock og roll og pønkrock, tidvis med stor suksess blant publikum både heime og utanlands.

Innan kunstmusikk har Irland ei historie som går tilbake til gregoriansk song i mellomalderen, kor- og harpemusikk frå renessansen, fyrsteleg barokkmusikk og tidleg klassisistisk musikk til romantisk, seinromantisk og modernistisk musikk. Han er framleis ein levande sjanger med mange komponistar og ensemble som verker i den klassiske tradisjonen.

I mindre skala har Irland også fått fram fleire kjende jazzmusikarar, særleg etter 1950-talet.

Tidleg irsk musikk

endre

Irske annalar frå høg- og seinmellomalderen lista opp kjende musikarar, til dømes:

  • 921BC: Cú Congalta, prest ved Lann-Leire, tethra (dvs. songar eller talar) for stemme, personleg form og kunne, døydde.
  • 1011: Connmhach Ua Tomhrair, priest og chief singer of Cluain-mic-Nois, døydde.
  • 1168: Amhlaeibh Mac Innaighneorach, leiande ollamh på Irland i harpespel, døydde.
  • 1226: Aed mac Donn Ó Sochlachain, erenagh av Cong, ein mann kjend for messing og rett stemming av harper og for å ha laga eit instrument for seg sjølv som ingen hadde laga før, også utmerka i alle kunster som poesy, gravering og skriving og i kvart handverk, døydde.
  • 1269: Aed Ó Finn, meister av musikk og underhaldning, døydde.
  • 1329: Maol Ruanaidh Cam Ó Cearbhaill, tiompanist, drepen under Braganstown-massakren i County Louth.
  • 1330: Mael Sechlainn Mac Carmaic, ein underhaldar, døydde.
  • 1343: Donnchad Clereach Ó Maol Braonáin, ein kor-kannik i Elphin, blei drepen av ei pil.
  • 1357: Donn Shléibhe Mac Cerbaill, ein evnerik musikar ... døydde.
  • 1360: Gilla na Naem Ó Conmaigh, musikk-ollamh ved Thomond ... døydde.
  • 1361. Magraith Ó Fionnachta, musikalsk leiar og tiompanspelar for Síol Muireadaigh, døydde.
  • 1364: Bran Ó Brain, ein evnerik tympanist ... døydde.
  • 1369: John Mac Egan, og Gilbert Ó Bardan, to evnerike unge harpespelarar frå Conmaicne, døydde.
  • 1469: Ruaidrí mac Donnchad Ó Dálaigh, den mest musikalsk-hendte harpespelaren i heile Irland.
  • 1490: Diarmait MacCairbre, harpespelar, blei avretta.
  • 1553: Tadhg, son av Ruaidhri Ó Comhdhain, ollamhen i Éire og Alba i musikk, døydde.
  • 1561: Naisse mac Cithruadh, drukna i Lough Gill.
  • 1589. Daighre Ó Duibhgeannáin, ein særs vennleg musikalsk mann, døydde.

Moderne tolkingar

endre

Tidleg irsk poesi og song er blitt omsett til moderne irsk og engelsk av kjende irske diktarar, songsamlarar og musikarar.[1] Salmen «Rop tú mo baile» av Dallán Forgaill frå 500-talet blei til dømes gjeven ut på engelsk i 1905 i ei omsetjing av Mary Elizabeth Byrne som er blitt kjend som «Be Thou My Vision» («Deg å få skode»). «The Blackbird of Belfast Lough» (gammalirsk «Int én bec» irsk An t-éan beag) er mellom anna blitt omsett av diktarar som Seamus Heaney, Ciaran Carson og Frank O'Connor. Nokre kjende innspelingar av moderne tolkingar av tidleg irsk musikk er mellom anna Pádraigín Ní Uallacháin sin Songs of the Scribe, fleire album av korgruppa Anúna og innspelingar av Caitríona O'Leary med Dúlra og eX Ensemble.[2]

Tidleg nytid

endre

 

Give Me Your Hand. Instrumental med viola da gamba og blokkfløyte, framført av Dancing Willow.

Fram til det 1600-talet blei harpemusikarar verna av aristokratiet i Irland. Denne tradisjonen døydde ut på 1700-talet då gælisk Irland braut saman. Turlough Carolan (1670–1738) er den best kjende av desse harpespelarane,[3][4] og ein kjenner til over 200 av verka hans. Nokre av stykka hans bruker element frå samtidig barokkmusikk, men musikken hans er gått inn i tradisjonen og spilles av mange folkemusikere i dag. Edward Bunting samla inn nokre av dei sist kjende irske harpetonane påBelfast Harp Festival i 1792. Andre viktige innsamlarar av irsk musikk er Francis O'Neill[5] og George Petrie.

Andre kjende irske musikarar frå denne tida er Cearbhall Óg Ó Dálaigh (verka kring 1630); Piaras Feiritéar (1600?–1653); William Connellan (midten av 1600-talet) og broren hans Thomas Connellan (ca. 1640/1645–1698), komponistar; Dominic Ó Mongain (levde på 1700-talet); Donnchadh Ó Hámsaigh (1695–1807); songdiktar, Eoghan Rua Ó Súilleabháin (1748–1782); Arthur O'Neill (kring 1792); Patrick Byrne (ca. 1794–1863); den verdskjende sekkepipespelaren Tarlach Mac Suibhne (ca. 1831–1916) og songdiktaren Colm de Bhailís (1796–1906).

Tradisjonsmusikk

endre
For meir om dette emnet, sjå Irsk folkemusikk.
 
Samling av folk som speler tradisjonsmusikk, kjent som ein session eller på irsk ein seisiún.

Irsk tradisjonsmusikk omfattar mange typar spngar, som drikkeviser, balladar og klagesongar. Desse kan framførast utan akkompagnement eller i lag med ulike instrument. Tradisjonell dansemusikk omfattar reel (4/4), hornpipe og jig (typisk 6/8).[6] Polka kom til landet på byrjinga av 1800-talet, og blei spreidd av omreisande danselærarar og leigesoldatar som vende tilbake frå Kontinentet.[7] Set dancing, basert på kvadrilje, kan ha kome inn på 1700-talet.[8] Seinare blei det innført danseformer som masurka og highlands (ein slags irsk versjon av skotsk strathspey).[9]

Irsk fele er blitt hevda av ein nasjonalistisk forskar å ha vore spelt på Irland sidan 700-talet, men det finst ikkje tekstar eller gjenstandar som viser dette.[10] Sekkepipe har ei lang historie knytt til landet, med bruk av Great Irish warpipes kjende frå slag så langt tilbake som 1400-talet.[11]

Trekkspel og concertina blei utbreidde på 1800-talet.[12] Irsk steppdans blei dansa ved céilí-tilstellingar, organiserte tevlingar og ved nokre herskapshus der lokale og omreisande musikarar var velkomne.[13] Tradisjonell irsk dans fekk etterkvart støtte frå utdanningssystemet og patriotiske organisasjonar. Ein tradisjonell irskspråkleg songstil blei kjend som sean-nós ('på gammalt vis').[14]

Frå 1820 til 1920 utvandra over 4400000 irar til USA. Dette førte til ein irsk diaspora som særleg var tydeleg i Philadelphia, Chicago (sjå Francis O'Neill), Boston, New York og andre byar.[15] O'Neill utførte dei fyrste innspelingane av irsk musikk på vokssylindrar frå Edison Records.[16] Seinare stod irske musikarar som hadde suksess i USA for kommersielle innspelingar som blei spreidde over heile verda, og gjenoppliva musikkstilar i heimlandet.[17] Felespelarar som Michael Coleman, James Morrison og Paddy Killoran, som var baserte i USA, gjorde mykje for å popularisera irsk musikk på 1920- og 1930-talet, medan Ed Reavy skreiv over hundre tonar som sidan har gått inn i musikktradisjonen både på Irland og i diasporaen.

Brian Boru's March framført av U.S. Marine Band.

Etter ein stille periode for tradisjonsmusikk på 1940- og 1950-talet, bortsett for céilidh-band, fann det stad ei stor bølgje av revitalisering på 1960-talet, med artistar som Seán Ó Riada si gruppe Ceoltóirí Chualann, The Chieftains, Tom Lenihan, The Clancy Brothers and Tommy Makem, The Irish Rovers, The Dubliners, Ryan's Fancy og Sweeney's Men. Særleg Sean O'Riada er blitt nemnt som ein pådrivar for irsk musikk, gjennom program på Radio Éireann frå seint på 1940-talet og fram til 1960-talet. Han prøvde å promotera og oppmuntra framføring av irsk tradisjonsmusikk, og bidrog direkte til danninga av The Chieftains. Arbeidet hans påverka også grupper som Planxty, The Bothy Band og Clannad på 1970-talet. Seinare kom grupper som Stockton's Wing, De Dannan, Altan, Arcady, Dervish og Patrick Street til, i lag med ei rekkje soloartistar.[18]

Klassisk musikk på Irland

endre

Kjende musikarar

endre
 
John Field rundt 1835

Bortsett frå harpekomponistane på 1500-talet kom komponistar på 1500- og 1600-talet vanlegvis frå ein protestantisk anglo-irsk bakgrunn, sidan katolikkar var utestengde frå formell utdanning, inkludert innan musikk. Komponistar var ofte knytte til anten Dublin Castle eller ei av domkyrkjene i Dublin (St Patrick's og Christ Church). Nokre av desse var innvandrarar på 1700-talet, som Johann Sigismund Cousser, Matthew Dubourg og Tommaso Giordani. Thomas Roseingrave og broren hans Ralph var leiande irske barokkomponistar. I den neste generasjonen av komponistar var Cork-fødde Philip Cogan (1750–1833), som blei kjend for pianomusikk, mellom anna pianokonsertar, John Andrew Stevenson (1761–1833), som er best kjend for utgjevinga si av Irish Melodies med diktaren Thomas Moore, og også skreiv opera, religiøs musikk, catches, glees, ode og songar. Tidleg på 1800-talet dominerte irskfødde komponistar engelskspråkleg opera i England og Irland, med namn som Charles Thomas Carter (ca. 1735–1804), Michael Kelly (1762–1826), Thomas Simpson Cooke (1782–1848), William Henry Kearns (1794–1846), Joseph Augustine Wade (1801–1845) og, seinare i hundreåret, Michael W. Balfe (1808–1870) og William Vincent Wallace (1812–1865). John Field (1782–1837) er blitt tilskriven skapinga av nocturneforma, som påverka Frédéric Chopin. John William Glover (1815–1899), Joseph Robinson (1815–1898) og Robert Prescott Stewart (1825–1894) heldt klassisk musikk i live i Dublin på 1880-talet, medan emigrantar på midten av hundreåret mellom anna var George William Torrance og George Alexander Osborne. Charles Villiers Stanford (1852–1924) og Hamilton Harty (1879–1941) var nokre av dei siste emigrantane innan irsk musikk, med ein kombinasjon av seinromantisk musikalsk språk og irsk folklorisme. På same tid var den italienske immigranten Michele Esposito (1855–1929) aktiv på Irland. Han blei ein viktig figur innan irsk musikk etter å ha kome til Irland i 1882. Åra etter irsk sjølvstende var ein vanskeleg periode der komponistar prøvde å finna ei identifiserbar irsk stemme i eit anti-britisk klima, som også inkluderte motstand mot klassisk musikktradisjon. Utviklinga av irsk kringkasting på 1920-talet og ei gradvis utviding av Radio Éireann Orchestra seint på 1930-talet betra tilhøvet til musikken. Viktige komponistar i desse åra var John F. Larchet (1884–1967), Ina Boyle (1889–1967), Arthur Duff (1899–1956), Aloys Fleischmann (1910–1992), Frederick May (1911–1985), Joan Trimble (1915–2000) og Brian Boydell (1917–2000). Midten av 1900-talet blei også forma av A.J. Potter (1918–1980), Gerard Victory (1921–1995), James Wilson (1922–2005), Seán Ó Riada (1931–1971), John Kinsella (1932–2021) og Seóirse Bodley (f. 1933). Viktige namn blant den eldre generasjonen av komponistar i Irland i dag er Frank Corcoran (f. 1944), Eric Sweeney (f. 1948), John Buckley (f. 1951), Gerald Barry (f. 1952), Raymond Deane (f. 1953), Patrick Cassidy (f. 1956), og Fergus Johnston (f. 1959).

Kjende musikarar innan den klassiske tradisjonen er mellom anna Catherine Hayes (1818–1861), den fyrste store internasjonale prima donnaen frå Irland og den fyrste irske kvinna til å opptre på La Scala i Milano; tenoren Barton McGuckin (1852–1913), ein songar det var mykje etterspurnad etter seint på 1800-talet; tenoren Joseph O'Mara (1864–1927), ein svært kjend songar rundt hundreårsskiftet; John McCormack (1884–1945), som var den best kjende tenoren i si samtid; operasongaren Margaret Burke-Sheridan (1889–1958); pianisten Charles Lynch (1906–1984); tenoren Josef Locke (1917–1999), som hadde global suksess, og blei avbilda i filmen Hear My Song frå 1991; fløytisent sir James Galway og pianisten Barry Douglas.[19] Douglas blei kjend i 1986 då han vann gullmedaljen i den internasjonale Tsjaikovskijkonkurransen. Mezzosopranane Bernadette Greevy og Ann Murray har også hatt internasjonal suksess.[20]

Opera

endre

Sjølv om Irland aldri har hatt eit spesialbygd operahus (Cork Opera House er ein fleirbruksbygning) har opera vore framført her sidan 1600-talet. På 1700-talet var Irland eit senter for engelskspråkleg balladeopera. Det blei skapt viktige verk som bidrog til å utvikla sjangeren i retning av operetta, mellom anna av Charles Coffey og Kane O'Hara. Nasjonalt identifiserbare irske operaer er blitt skrivne både av innvandrarar som Tommaso Giordani og Johann Bernhard Logier og av innfødde komponistar som John Andrew Stevenson og Thomas Simpson Cooke, fortsett på 1800-talet av John William Glover og Paul McSwiney.[21] Michael William Balfe og Vincent Wallace var dei leiande representatane for engelskspråkleg opera på midten av 1800-talet.

Den keltiske renessansen etter 1900 gav verk som Muirgheis (1903) av Thomas O'Brien Butler, Connla of the Golden Hair (1903) av William Harvey Pélissier, Eithne (1909) av Robert O'Dwyer og The Tinker and the Fairy (1910) av Michele Esposito. Muirgheis og Eithne har irske librettoar, det same har fleire verk av Geoffrey Molyneux Palmer og verk frå 1940- og 1950-talet av Éamonn Ó Gallchobhair. Dei fleste irske operaer skrivne sidan 1960-talet har ei moderne, internasjonalt innstilling, med viktige verk av Gerard Victory, James Wilson, Raymond Deane, Gerald Barry og fleire yngre komponistar.

Wexford Festival Opera er ein stor internasjonal festival som blir halden årleg i oktober og november.

Populærmusikk

endre

Utøvarar av populærmusikk byrja bli kjende så tidleg som på slutten av 1940-talet. Delia Murphy gjorde irske folkesongar populære med ei innspeling for HMV i 1949; Margaret Barry er også gjeven ære for å gjera folkesongar kjende. Bridie Gallagher frå Donegal blei kjend i 1956, og er rekna som 'Ireland's first international pop star'.[22] Songaren Ruby Murray frå Belfast fekk hitlistesuksess i Storbritannia på midten av 1950-talet; Carmel Quinn frå Dublin emigrerte til USA og blei ein fast songar på Arthur Godfrey's Talent Scouts; hovar ofte også på andre TV-program på 1950- og 60-talet.The Bachelors var ei mannleg harmonigruppe frå Dublin som hadde hittar i Storbritannia, kontinentale Europa, USA, Australia og Russland; Mary O'Hara var ein sopran og harpist som hadde suksess på begge sider av Atlanterhavet på 1950- og byrjinga av 1960-talet; crooneren Val Doonican frå Waterford hadde fleire hittar i Storbritannia og presenterte sitt eige TV-program på BBC frå 1965 til 1986.

Showband

endre

Showband var ei stor kraft i irsk populærmusikk, særleg på landsbygda, i tjue år frå midten av 1950-talet. Showband spelte i dansesalar og var laust basert på det Dixieland-danseband, med seks-sju medlemmar. Det grunnleggjande showbandrepertoaret inkluderte standard dansenummer, coverversjonar av pophittar med eit spenn frå rock and roll, country and western til jazz-standardar. Nøkkelen til suksess for showband var evna til å læra og framføra songar på platelistene. Av og til kunne dei spela irsk tradisjonsmusikk eller céilidh-musikk og nokre få sjølvskrivne songar.[23]

Country and Irish

endre

Med auka popularitet for amerikansk countrymusikk utvikla det seg ein ny undersjanger på Irland kjend som 'Country and Irish'. Han blei danna ved å blanda amerikansk countrymusikk med påverknadar frå irsk musikk, og å inkorporere irsk folkemusikk. Dette resulterte ofte i at tradisjonelle irske songar blei framførte i ein countrymusikkstil. Stilen er særskild populær på landsbygda i Midlands og nordvest i landet. Han er framleis populært blant irske emigrantar i Storbritannia. Big Tom and The Mainliners var den fyrste større gruppa innan denne sjangeren, etter å ha kryssa over frå showband-tida på 1960-talet. Andre større artistar var Philomena Begley og Margo, sistnemnde gjeven den uofisielle tittelen Queen of Country & Irish.[24][25] I seinare tid har Daniel O'Donnell hatt mest suksess innan sjangeren i Storbritannia, USA og Australia.[26] Mary Duff, som ofte har sunge i lage med O'Donnell, har også hatt suksess innan sjangeren. Endå seinare har Derek Ryan frå County Carlow har oppnådd hittar på dei irske topplistene med denne typen musikk.

Fusion

endre

Tradisjonmusikk har spelt ei rolle innan irsk populærmusikk frå slutten av 1900-talet, med bruk av tradisjonelle element frå artistar som Clannad, Van Morrison, Hothouse Flowers og Sinéad O'Connor. Enya fekk internasjonal suksess med new age- og keltisk fusion. Afro-Celt Sound System blei kjend for å bruka vestafrikansk påverknad og elektroniske danserytmar i tillegg til keltisk tradisjon på 1990-talet, medan grupper som Kíla blandar irsk tradisjonsmusikk med rock og verdsmusikk. Horslips blei internasjonalt kjent for å blanda irske tema med heavyrock.

Riverdance er ei musikk- og danseframsyning som byrja som eit pauseinnslag med Michael Flatley og Jean Butler og koret Anúna. Ho blei framført under Eurovision Song Contest 1994, og var så populær at ho blei bygd ut til ei heil framsyning.

Pop og rock

endre

På 1960-talet oppstod det fleire kjende irske rockegrupper og artistar, som Them, Van Morrison, Emmet Spiceland, Eire Apparent, Skid Row, Taste, Rory Gallagher, Dr. Strangely Strange, Thin Lizzy, Gary Moore og Mellow Candle.

 
Thin Lizzy-konsert i 1981

I 1970 sette Dana Irland på popkartet ved å vinna Eurovision Song Contest med songen «All Kinds of Everything». Ho oppnådde ein listetopp i Storbritannia og fleire andre stader i Europa, og bana veg for fleire irske artistar. Gilbert O'Sullivan hadde også fleire listetoppar på begge sider av Atlanteren i 1972 med fleira hittar, medan The Nolans fekk internasjonal listesuksess seint på 1970-talet. Chris de Burgh fekk internasjonal ros i 1986 med hitten «Lady in Red».

Nokre grupper som blei skipa under utviklinga av punk rock frå midten av 1970-talet ivar U2, Virgin Prunes, The Boomtown Rats, The Undertones, Aslan, Gavin Friday og Stiff Little Fingers. Seinare på 1980- og inn på 1990-talet delte irsk punk seg opp i nye stilar av alternativ rock, mellom anna gjennom That Petrol Emotion, In Tua Nua, Fatima Mansions, My Bloody Valentine og Ash.[27] På 1990-talet blei fleire popgrupper som The Corrs, B*Witched, Boyzone, Westlife og The Cranberries kjende. I det same tiåret bidrog Irland også til ein undersjanger av folk metal kjend som Celtic metal, med grupper som Cruachan,[28] Primordial,[29] Geasa og Waylander.[30]

Kjelder

endre
  1. Crosson, Seán (2008). 'The Given Note' Traditional Music and Modern Irish Poetry. Newcastle: Cambridge Scholars Publishing. ISBN 978-1847185693. 
  2. O'Leary on the Beethovenfest Bonn website Arkivert 2. mars2014 ved Wayback Machine.
  3. Sawyers, June Skinner (2002), The Complete Guide to Celtic Music, London: Aurum , p 28.
  4. Yeats, Gráinne, The Rediscovery of Carolan, Harpspectrum.com, henta 25 April 2008 
  5. Haggerty Bridget, Francis O'Neill – The Man Who Saved Our Music, Irishcultureandcustoms.com, henta 25 April 2008 
  6. «Whistle Workshop». Whistle Workshop. Arkivert frå originalen 21 June 2012. Henta 2. april 2012. 
  7. Sawyers, June Skinner (2002), The Complete Guide to Celtic Music, London: Aurum , p 48-49.
  8. «Inside Ireland». Inside Ireland. Henta 2 April 2012. 
  9. Sawyers, June Skinner (2002), The Complete Guide to Celtic Music, London: Aurum , p 48.
  10. William H. Grattan Flood: A History of Irish Music, chapter III: "Ancient Irish musical instruments" (Dublin, 1905).
  11. Donnelly, Seán: The Early History of Piping in Ireland (2001), p. 9.
  12. «Dan Worrall: Notes on the Beginnings of Concertina Playing in Ireland, 1834-1930», www.concertina.com, henta 5. juni 2023 
  13. «Country House music». Setdancingnews.net. 14 January 2006. Arkivert frå originalen 7 February 2012. Henta 2 April 2012. 
  14. «Sean nos». Mustrad.org.uk. Henta 2. april 2012. 
  15. «Irish emigration». Spartacus.schoolnet.co.uk. Arkivert frå originalen 14. mai 2011. Henta 2. april 2012. 
  16. «Dunn Family Collection». 18 June 2017. 
  17. Clarke, Gerry (2006), Oldtime Records Vol 1, Galway: Oldtime Records , Liner notes to CD.
  18. Geoff Wallis: Rough Guide to Irish Music
  19. Niall O'Loughlin/Richard Wigmore, 'Galway, Sir James', Grove Music Online, . Retrieved 12 August 2007.
  20. "A Remarkable Voice of Remarkable Longevity", I: The Irish Times, 30 September 2008.
  21. Axel Klein: "Stage-Irish, or The National in Irish Opera, 1780–1925", I: Opera Quarterly 21:1 (Winter 2005), p. 27–67.
  22. «Bridie Gallagher: Ireland's 'first international pop star'». BBC News. 9 January 2012. 
  23. Finbar O'Keefe (2002), Goodnight, God Bless and Safe Home – The Golden Showband Era, The O'Brien Press, ISBN 0-86278-777-7 
  24. Advertiser.ie (8 August 2008). «Emotional anniversary for Margo, the 'Queen of Country and Irish' in Castlebar». Advertiser.ie. Henta 2 April 2012. 
  25. «The queen of Country and Irish». The Irish Times. 11 November 1998. 
  26. «COUNTRY 'N' BESTERN Daniel O'Donnell, Popular Irish Singer and Performer from Donegal, Ireland, writes about music, life and more for the Sunday World». Sundayworld.com. Henta 2 April 2012. 
  27. «Irish Rockers – History of Irish Rock Music». 
  28. «Cruachan Biography, Songs, & Albums», AllMusic (på engelsk), henta 11. juni 2023 
  29. https://www.masterclass.com/articles/folk-metal-guide
  30. CELTIC-METAL’S TOP FIVE BANDS (på engelsk), 11. november 2013, henta 11. juni 2023 

Bibliografi

endre
  • Boydell, Barra: A History of Music at Christ Church Cathedral, Dublin (Woodbridge: Boydell & Brewer, 2004).
  • Boydell, Brian: A Dublin Musical Calendar, 1700–1760 (Dublin: Irish Academic Press, 1988).
  • Boydell, Brian: Rotunda Music in Eighteenth-Century Dublin (Dublin: Irish Academic Press, 1992).
  • Breathnach, Breandán: Folk Music and Dances of Ireland (Cork: Mercier Press, 1971).
  • Breathnach, Breandán: Ceól Rince na hÉireann (Dublin: Oifig an tSoláthair, 1963 (vol. 1), 1976 (vol. 2), vol. 3 (1985)).
  • Clayton-Lea, Tony & Taylor, Rogan: Irish Rock. Where it’s Come From, Where it’s At, Where it’s Going (Dublin: Gill & Macmillan, 1992).
  • Daly, Kieran Anthony: Catholic Church Music in Ireland, 1878–1903. The Cecilian Reform Movement (Dublin: Four Courts Press, 1995).
  • Dervan, Michael (ed.): The Invisible Art. A Century of Music in Ireland, 1916–2016 (Dublin: New Island, 2016).
  • Dwyer, Benjamin: Different Voices. Irish Music and Music in Ireland (Hofheim: Wolke, 2014).
  • Fitzgerald, Mark & O’Flynn, John (ed.): Music and Identity in Ireland and Beyond (Aldershot: Ashgate, 2014).
  • Fleischmann, Aloys (ed.): Music in Ireland. A Symposium (Cork: Cork University Press, 1952).
  • Grindle, William Henry: Irish Cathedral Music. A History of Music at the Cathedrals of the Church of Ireland (Belfast: Institute of Irish Studies, Queen's University of Belfast, 1989).
  • Hast, Dorothea & Scott, Stanley: Music in Ireland. Experiencing Music, Expressing Culture (New York: Oxford University Press, 2004).
  • Hogan, Ita M.: Anglo-Irish Music, 1780–1830 (Cork: Cork University Press, 1966).
  • Klein, Axel: Die Musik Irlands im 20. Jahrhundert (Hildesheim: Georg Olms, 1996).
  • Klein, Axel: Irish Classical Recordings. A Discography of Irish Art Music (Westport, Conn.: Greenwood Press, 2001).
  • Mangaoang, Áine; O'Flynn, John & Ó Briain, Lonán (ed.): Made in Ireland: Studies in Popular Music. (Routledge, 2020). ISBN 978-1-138-93652-2
  • McAvoy, Mark: Cork Rock: From Rory Gallagher to the Sultans of Ping (Cork: Mercier Press, 2009).
  • McCarthy, Marie: Passing it on. The Transmission of Music in Irish Culture (Cork: Cork University Press, 1999).
  • Ó Canainn, Tomás: Traditional Music in Ireland (London: Routledge & Kegan Paul, 1978; new ed. Cork: Ossian Publications, 1993).
  • O'Connor, Nuala: Bringing it all back home. The Influence of Irish Music (London: BBC Books, 1991; rev. ed. Dublin: Merlin Publications, 2001).
  • Ó Dochartaigh, Seóirse: Sunlight & Shadow. A Listener's Guide to Irish Classical Music (Leckemy, Co. Donegal: Seóirse Ó Dochartaigh, 2016).
  • O'Dwyer, Simon: Prehistoric Music of Ireland (Stroud, Gloucestershire: Tempus Publishing, 2004).
  • Pine, Richard: Music and Broadcasting in Ireland (Dublin: Four Courts Press, 2005).
  • Pine, Richard & Acton, Charles (eds.): To Talent Alone. The Royal Irish Academy of Music, 1848–1998 (Dublin: Gill & Macmillan, 1998).
  • Porter, James: The Traditional Music of Britain and Ireland: A Select Bibliography and Research Guide (New York: Garland Publishing, 1989).
  • Power, Vincent: Send 'Em Home Sweatin'. The Showband Story (Cork: Mercier Press, 1990; rev. ed. 2000).
  • Prendergast, Mark J.: Irish Rock. Roots, Personalities, Directions (Dublin: O’Brien Press, 1987).
  • Shields, Hugh: Narrative Singing in Ireland (Dublin: Irish Academic Press, 1993).
  • Smith, Thérèse: Ancestral Imprints. Histories of Irish Traditional Music and Dance (Cork: Cork University Press, 2012).
  • Smyth, Gerry: Noisy Island. A Short History of Irish Popular Music (Cork: Cork University Press, 2005).
  • Smyth, Gerry & Campbell, Seán: Beautiful Day. Forty Years of Irish Rock (Cork: Atrium Press, 2005).
  • Vallely, Fintan: The Companion to Irish Traditional Music (Cork: Cork University Press 1999), ISBN 1-85918-148-1.
  • Wallis, Geoff & Wilson, Sue: The Rough Guide to Irish Muaboutsic (London: Rough Guides Ltd., 2001), ISBN 1-85828-642-5.
  • Walsh, Basil: Michael W. Balfe. A Unique Victorian Composer (Dublin: Irish Academic Press, 2008), ISBN 978-0-7165-2947-7.
  • Walsh, Basil: Catherine Hayes, The Hibernian Prima Donna(Dublin: Irish Academic Press, 2000), ISBN 0-7165-2662-X.
  • Walsh, T.J.: Opera in Dublin, 1705–1797. The Social Scene (Dublin: Allen Figgis, 1973).
  • Walsh, T.J.: Opera in Dublin, 1798–1820. Frederick Jones and the Crow Street Theatre (Oxford: Oxford University Press, 1993).
  • White, Harry: The Keeper’s Recital. Music and Cultural History in Ireland, 1770–1970 (Cork: Cork University Press, 1998).
  • White, Harry & Boydell, Barra: The Encyclopaedia of Music in Ireland (Dublin: UCD Press, 2013).
  • Zimmermann, Georges-Denis: Songs of Irish Rebellion. Political Street Ballads and Rebel Songs, 1780–1900 (Dublin: Allen Figgis, 1967; 2nd ed. Dublin: Four Courts Press, 2002).