Diskusjon:Den fyrste verdskrigen

Skal ikkje artikkelen heita fyrste verdskrigen på nynorsk? Eg er ikkje sikker, men det er det nok andre som er! Jarle 9. nov 2004 kl. 20:12 (UTC)

Eit spørsmål er samstundes om det skal heita "Den fyrste verdskrigen". "Den første verdskrigen" er og eit alternativ.

Gunnernett 9. nov 2004 kl. 20:25 (UTC)

TILSLAGSORD ARTIKKEL FRÅ NYNORSKORDBOKA [1] verdskrig ~krig krig mellom stormakter, storkrig den første v-en (1914-18) / den andre v-en (1939-45) .

Fyrste og første er jamstilte på nynorsk. Som jærbu er det fyrste mest naturleg for meg ;-) Eg trur eg vil gå for "Den fyrste verdskrigen". Jarle 9. nov 2004 kl. 20:49 (UTC)

Eg trur vi bør ha tilvisingar frå fleire former her. På Nordmøre er det naturlegare med «... første ...», men det er no ikkje akkurat så viktig, så fyrste er greitt for meg! :-) Eg støttar forslaget om «Den fyrste verdskrigen» — med tilvisingar frå «Den første verdskrigen», «Fyrste verdskrigen», «Første verdskrigen», «Fyrste verdskrig», «Første verdskrig», «1. verdskrig», «1. verdskrigen», «Den 1. verdskrig» og «Den 1. verdskrigen»; og dessutan frå bokmålsformene «Første verdenskrig», «Den første verdenskrig», «Den første verdenskrigen», «Den 1. verdenskrig» og «Den 1. verdenskrigen». Dette hørest kanskje litt overveldande ut, men eg trur det er lurt å leggja opp til at ein får artikkeltreff på alle dei formene det er rimeleg sannsynleg at folk prøver. (Tilsvarande bør sjølvsagt gjelde for (den) andre/2. verd(en)skrig(en)...) -- Olve 9. nov 2004 kl. 22:22 (UTC)

Start ein diskusjon om Den fyrste verdskrigen

Start ein diskusjon
Tilbake til siden «Den fyrste verdskrigen».