Diskusjon:Namnet Liv

Siste kommentar: for 15 år sidan av BepBot i emnet Død lenke

«Biologisk liv» endre

Eg er ikkje samd med Ranveig i at artikkelen om liv bør heita Biologisk liv. Biologi er "læra om livet", so "biologisk liv" er smør på flesk. (Det finst per definisjon ikkje andre former for liv.)
Artikkelen Liv handlar i dag berre om jentenamnet Liv. Artikkelen Biologi handlar om liv i biologisk forstand. Eg synest vi kan døypa om Liv til Jentenamnet Liv, la Biologisk liv omdirigera til Biologi, og anten laga ei fleirtydingsside på Liv eller la Liv omdirigera til Jentenamnet Liv, som har ein peikar til Biologi i første linja.
Andre synspunkt?
--Verdlanco (diskusjon) 4. feb 2005 kl. 0849 (UTC)

Liv bør ikkje flyttast til Jentenamnet Liv, dersom den skal flyttast bør det vera til Liv (namn). Dette fordi det blir vansklegare å finne artikkelen i indeksen, når ein gjev artiklar slike namn blir indeksen mindre nyttig. --Guttorm 4. feb 2005 kl. 1058 (UTC)
Nei, han blir ikkje mindre nyttig av at det kjem inn alternative skrivemåtar, so lenge dei kjem i tillegg til den gamle. Tvertimot vil det auka sjansen for å finna artikkelen dersom det vert lagde inn omdirigeringar frå alternative søkjeord. Difor held eg fast ved at Liv bør flyttast til Jentenamnet Liv, so lenge det gamle namnet (Liv) ikkje vert sletta.
Når det gjeld tittelen Liv (namn), so har eg greidd ut i andre diskusjonar om kva eg synest om titlar med parentes i, so eg nøyer meg med å røysta imot framlegget.  :-)
(Det var dumt av meg å starta denne diskusjonen her, for han høyrer no slett ikkje heime på Diskusjon:Planeten Mars!)
--Verdlanco (diskusjon) 4. feb 2005 kl. 1449 (UTC)

(frå Diskusjon:Planeten Mars#Biologisk liv


Eg flytter gjerne artikkelen om namnet til namnet Liv (enklare enn både Førenamnet, Jentenamnet og Kvinnenamnet Liv), men synest ikkje liv/biologisk liv bør omdirigerast til biologi. Å definera liv er noko filosofar og biologar har stridd med i årevis, så det kan bli ein fin artikkel.

"Liv" har fleire tydingar på norsk, både kjoleliv, liv midt på kroppen, folkeliv/liv og lyst, og biologisk liv. Ettersom uttrykket "biologisk liv" blir brukt ein del syntest eg det passa å bruka om biologiske livsformer (i science fiction finst det vel òg andre former for liv). -- Ranveig 5. feb 2005 kl. 1237 (UTC)

Eg hadde ikkje tenkt på dei andre tydingane «liv» kan ha. Dét gjev faktisk litt meining til uttrykket «biologisk liv».
Og «Namnet Liv» er sikkert ein betre tittel enn «Jentenamnet Liv», ja.
--Verdlanco (diskusjon) 5. feb 2005 kl. 1600 (UTC)

Død lenke endre

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:50 (CEST)Svar

[daud lenkje]

Tilbake til siden «Namnet Liv».