Jerusalem distrikt
Jerusalem distrikt (hebraisk מחוז ירושלים; arabisk منطقة القدس) er eit av seks administrative distrikt i Israel. Det administrative senteret er Jerusalem. Jerusalem distrikt dekkjer eit areal på 652 km² og har 910 300 innbyggjarar. Av desse er 67,8 % jødiske og 30,6 % arabarar. Ein femtedel (21 %) av arabarane i Israel bur i Jerusalem distrikt, som omfattar både Aust- og Vest-Jerusalem.[1]
Jerusalem distrikt | |||
hebraisk מחוז ירושלים, arabisk منطقة القدس | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lokale kommunar | 3 | ||
Regionale kommunar | 1 | ||
Byar | 2 | ||
Administrasjonsstad | Jerusalem | ||
Koordinatar | |||
Areal | 652 km² | ||
Folketal | 889 300 (2008) | ||
Folketettleik | 1 364 / km² | ||
![]() Jerusalem distrikt | |||
Wikimedia Commons: Jerusalem District | |||
Dei fleste arabarane i Jerusalem distrikt er palestinarar, kvalifisert for statsborgarskap etter israelsk lov, men som etter eige val er ikkje-borgarar. Minoriteten er israelske arabarar som bur i Abu Ghosh, Beit Safafa og Aust-Jerusalem, der israelske arabarar har vore busett sidan seint i 1970-åra.[2] Den ikkje-jødiske folkesetnaden er 28,3 % muslimar, 1,8 % kristne og 1,4 % ikkje klassifisert av religion.[3]
Administrative inndelingar Endra
Byar | Lokale kommunar | Regionale kommunar |
---|---|---|
Kommunen Jerusalem, inkludert Aust-Jerusalem og andre annekterte delar av Vestbreidda, utgjer 125 km² eller kring 19 % av Jerusalem distrikt i 2008.[4]
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Jerusalem District» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Future of the Global Muslim Population
- ↑ «Localities and Population, by Population Group, distrikt, Sub-distrikt and Natural Region» (PDF). Statistical Abstract of Israel. Israelsk statistisk sentralbyrå. 2009. Arkivert frå originalen (PDF) 10. juni 2011. Henta 6. oktober 2014.
- ↑ «Localities and Population, by distrikt, Sub-distrikt, Religion and Population Group» (PDF). Statistical Abstract of Israel. Israelsk statistisk sentralbyrå. 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 14. juni 2007. Henta 6. oktober 2014.
- ↑ Statistical Yearbook 2012, Table I/2 - Area of the State of Israel, Jerusalem distrikt and the Municipal Area of Jerusalem and Selected Localities, 2008. Jerusalem Institute for Israel Studies