Distriktet Delémont

Delémont er eitt av tre distrikt i kantonen Jura i Sveits. Distriktet hadde 36 031 innbyggarar i 2010, og dekker eit areal på 303 km². Distriktet har namn etter hovudstaden Delémont. Delémont grensar til Frankrike og kantonane Basel-Landschaft og Solothurn i nord, og til kantonen Bern i sør.

Delémont
District de Delémont
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Jura
Hovudstad Delémont
Areal 303,10 km²
Folketal 36 031  (2010)
Kommunar 28
Kart
Distriktet Delémont
47°21′00″N 7°20′00″E / 47.35°N 7.3333333333333°E / 47.35; 7.3333333333333
Wikimedia Commons: Delémont (district)

Distriktet Delémont omfattar 28 kommunar. Omframt hovudstaden er kommunen Bassecourt den einaste som har meir enn 3 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Bassecourt, Boécourt, Bourrignon, Châtillon, Corban, Courchapoix, Courfaivre, Courrendlin, Courroux, Courtételle, Develier, Ederswiler, Glovelier, Mervelier, Mettembert, Montsevelier, Movelier, Pleigne, Rebeuvelier, Rossemaison, Saulcy, Soulce, Soyhières, Undervelier, Vellerat, Vermes og Vicques.

Heile distriktet er franskspråkleg, med unnatak for den vesle kommunen Ederswil, der tysk er talemål.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre