Distriktet Prizren
Distriktet Prizren[a] er eit av dei sju distrikta som kommunane i Kosovo er grupperte i. Distriktet omfattar fem kommunar. Ved folketeljinga i 2024 hadde distriktet 271 533 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]
Prizren | |||
Призрен | |||
distrikt | |||
Land | Kosovo | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 397,0 km² | ||
Folketal | 271 533 (2024)[1] | ||
Distriktet Prizren 42°13′00″N 20°44′00″E / 42.216667°N 20.733333°E | |||
Kart som viser Distriktet Prizren.
| |||
Wikimedia Commons: Prizren District |
Kommune | Areal[2] | Folketal 2011[3] | Folketal 2024[1] (førebels tal) |
---|---|---|---|
Dragash | 433,85 | 33 997 | 28 908 |
Malisheva | 306,42 | 54 613 | 43 871 |
Mamusha | 10,94 | 5 507 | 5 615 |
Prizren | 626,86 | 177 781 | 147 428 |
Suhareka | 361,04 | 59 722 | 45 713 |
Totalt | 1 739,11 | 331 620 | 271 533 |
Historie
endreDet noverande distriktet Prizren fell i hovudtrekk saman med det tidlegare distriktet med same namn i den autonome regionen Kosovo og Metohija under serbisk styre.
Eit unntak er kommunen Rahovec, som vart ført over til distriktet Gjakova. Vidare vart det oppretta ein ny kommune Malisheva av busetnader frå dei tidlegare kommunane Orahovac (Rahovec) og Suva Reka (Suhareka) (i det tidlegare distriktet Prizren), Klina (i det tidlegare distriktet Peć) og Glogovac (Gllogoc) (i det tidlegare distriktet Kosovo). Endeleg vart 19 busetnader i regionen Opolje som tidlegare var innrekna i Prizren kommune, slått saman med den tidlegare kommunen Gora til ein ny kommune Dragash.
Med utgangspunkt i lov nr. 03/L-041 av 02.06.2008 er det seinare skild ut ein ny kommune Mamusha frå kommunen Prizren.[4] Mamushe er den einaste kommunen i Kosovo med tyrkisk fleirtal.[5]
Busetnader
endreI 2011 hadde distriktet 331 620 innbyggjarar.[3] Dei største busetnadene i kommunen var:
Kommune | Folketal 2011[6] | |
---|---|---|
Prizren | Prizren | 85 119 |
Suhareka | Suhareka | 10 422 |
Dushanovë | Prizren | 9 398 |
Lubizhdë | Prizren | 5 982 |
Zhur | Prizren | 5 909 |
Mamusha | Mamusha | 5 507 |
Korishë | Prizren | 5 279 |
Gjonaj | Prizren | 4 818 |
Restelicë | Dragash | 4 698 |
Banjë | Malisheva | 3 639 |
Llashkadrenoc | Malisheva | 3 573 |
Hoçë e Qytetit | Prizren | 3 410 |
Malisheva | Malisheva | 3 395 |
Mushtisht | Suhareka | 3 394 |
Bllacë | Suhareka | 3 357 |
Studençan | Suhareka | 3 311 |
Samadrexhë | Suhareka | 3 249 |
Sopië | Suhareka | 3 017 |
Brodosanë | Dragash | 2 839 |
Romajë | Prizren | 2 747 |
Lubizhdë e Hasit | Prizren | 2 719 |
Greikoc | Suhareka | 2 534 |
Piranë | Prizren | 2 417 |
Carrallukë | Malisheva | 2 226 |
Gjinoc | Suhareka | 2 221 |
Bellanicë | Malisheva | 2 207 |
Astrazup | Malisheva | 2 192 |
Peqan | Suhareka | 2 151 |
Kushnin | Prizren | 2 110 |
Vraniq | Suhareka | 2 051 |
Merknader
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Population and housing census in Kosovo preliminary results - July 2024» (PDF). juli 2024. Henta 18. september 2024.
- ↑ Komisioni për majten e territorit të Republikës së Kosovës. «RAPORT – FAKTOGRAFIK: Matja e territorit të Republikës së Kosovës» (PDF) (på albansk). Zyra e Kryeministrit (Statsministerens kontor). s. 52. Arkivert frå originalen (PDF) 22. september 2020. Henta 2 October 2021.
- ↑ 3,0 3,1 «Population by sex, marital status and municipality 2011». ask – Agjencia e statistikave të Kosovës. 2011. Henta 18. september 2024.
- ↑ «Law on adminstrative municipial boundaries» (PDF). mapl.rks-gov.net. Ministria e Administrimit të Pushtetit Lokal. 2. juni 2008. Henta 23. september 2024.
- ↑ «The population of the municipality of Mamushë according to settlement, gender and ethnicity 2011». ask – Agjencia e statistikave të Kosovës. 2011. Henta 20. september 2024.
- ↑ «Census Population: Census 2011: By Settlements». ask – Agjencia e statistikave të Kosovës. 2011. Henta 20. september 2024.