Divinities: Twelve Dances with God
Divinities: Twelve Dances with God Studioalbum av Ian Anderson | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. mai 1995 | |
Innspelt | Hausten 1994 | |
Sjanger | Progressiv rock, new age | |
Lengd | 47:03 | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Ian Anderson | |
Ian Anderson-kronologi | ||
---|---|---|
Walk into Light (1983) |
Divinities: Twelve Dances with God | The Secret Language of Birds (2000)
|
Divinities: Twelve Dances with God er det andre soloalbumet til Jethro Tull-frontmann, Ian Anderson, utgjeve i mai 1995.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Alle dei tolv spora på albumet er instrumentale og inspirerte av forskjellige etniske musikalske tradisjonar: Keltisk («In The Grip Of Stronger Stuff»), spansk («In The Pay Of Spain»), afrikansk («En Afrique») og så vidare.
Anderson syng ikkje på albumet, og spelar berre fløyte. Med seg har han òg fått klaverspelarAndrew Giddings, som spelte i Jethro Tull på denne tida. Resultatet er ein slags New Age-pastisj med ei blanding av moderne klassisk musikk og folkemusikk.
Anderson drog ut på ein soloturné i 1995 og spelte heile albumet frå A til Å i første halvdel av konserten. Den andre halvdelen av konserten var Jethro Tull-songar, mange spelte som instrumentalar. Bandet bestod av Jethro Tull-medlemmane Andrew Giddings og Doane Perry, det framtidige Tull-medlemmet Jonathan Noyce og Chris Leslie.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Ian Anderson.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «In a Stone Circle» | 3:25 |
2. | «In Sight of the Minaret» | 3:54 |
3. | «In a Black Box» | 3:24 |
4. | «In the Grip of Stronger Stuff» | 2:48 |
5. | «In Maternal Grace» | 3:21 |
6. | «In the Moneylender's Temple» | 3:19 |
7. | «In Deference of Faiths» | 3:11 |
8. | «At Their Father's Knee» | 5:43 |
9. | «En Afrique» | 2:54 |
10. | «In the Olive Garden» | 2:50 |
11. | «In the Pay of Spain» | 4:05 |
12. | «In the Times of India (Bombay Valentine)» | 8:09 |
Total lengd: | 47:03 |
Medverkande
endre- Ian Anderson — tverr- og bambusfløyte
- Andrew Giddings — tangentinstrument
- Doane Perry — Perkusjon
- Douglas Mitchell — klarinett
- Christopher Cowrie — obo
- Jonathon Carrey — fiolin
- Nina Gresin — cello
- Randy Wigs — harpe
- Sid Gander — valthorn
- Den Redding — trompet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Divinities: Twelve Dances With God» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Divinities: Twelve Dances with God på Allmusic
- Ground and Sky-melding Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine.