Opna hovudmenyen
Tilhøyrarar i Diwan-i-Khas.

Diwan eller Divan (persisk دیوان; osmansk tyrkisk Dîwân eller Dîwân-i-Humâjûn Kalemi) var riksrådet i fleire muslimske statar, hovudsakleg i Det osmanske riket. Omgrepet oppstod under Umar ibn al-Khattab sitt kalifat, då han innførte det same systemet i det muslimske riket sin administrasjon som hadde vorte nytta i sassanidiske riket, som osmanarane hadde sigra over.

Den osmanske divanen fungerte som ei slags regjering for riket og bestod av vesirar, juristar, teologar og andre høgtståande personar, som øvstkommanderande for janitsjarane og riksadmiralen. Rådet vart styrt av sultanen, men frå 1500-talet av storvesiren.

KjelderEndra