Opna hovudmenyen

Diyala er ei elv og sideelv til Tigris. Ho oppstår ved samløpet mellom Sirwan og Tanjero i Darbandikhan-damen i Sulaimaniya guvernement i Nord-Irak. Elva har ei samla lengd på 445 km.

Diyala
elv
Diyala river.PNG
Diyala
Land Flag of Iran.svg Iran, Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 33°13′15″N 44°30′23″E
Lengd 445 km
Kjelde Nord-Irak/Vest-Iran
Munning Tigris
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Diyala River

Innhaldsliste

LøpEndra

Elva spring ut nær Hamadan i Zagrosfjella i Iran. Ho renn så gjennom fjella, der ho i 32 km dannar grensa mellom dei to landa. Ho munnar ut i Tigris nedanfor Bagdad. Elva renn gjennom tronge kløfter i den øvre delen, men lenger nede er elvedalen ei viktig handelsrute mellom Iran og Irak.

Elva flyt sørvest for Hamrinfjella.

NamnEndra

Namnet har arameisk opphav frå Δέλαζ eller Diyalas. På kurdisk vert ho kalla Sirwan, som tyder 'ropande elv'. I tidleg islamsk tid danna den nedre delen av elva ein del av Nahrawankanalen. Diyala guvernement i Irak er kalla opp etter elva.

HistorieEndra

 
Samløpet mellom Bil og Sirwan

Elva er nemnt i Historia av Herodotos som Gyndes. Her vert det sagt at kong Kyros den store tørrla elva med å grave 360 kanalar som straff etter at ei heilag kvit hest forsvann der. Elva gjekk attende til normal vassføring atter at kanalane forsvann i sanden. Slaget ved Diyala fann stad i 693 fvt. mellom styrkar frå Det assyriske riket og elamittane frå Sør-Iran.

I mars 1917 slo britane Det osmanske riket ved samløpet til Tigris, noko som førte til at Bagdad fall, under det mesopotamiske felttoget i fyrste verdskrigen.

DemningarEndra

I Iran er Daryandammen under utbygging nær Daryan i provinsen Kermanshah. Føremålet med dammen er å leie store mengder vatn frå elva til Sørvest-Iran for vatningsføremål gjennom den 48 km lange Nosoud-tunnellen og for å skape vasskraft.[1][2] I Irak når elva først Darbandikhan-dammen der det ligg eit vasskraftverk og vert lagra vatn for jordbruket. Ho renn så ned til Hemrin-dammen for liknande føremål. I den nedre Diayaladalen nær Bagdad vert elva kontrollert av Diyala-dammen som kontrollerer flaum og vatning i området nordaust for Bagdad.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Diyala

KjelderEndra

  1. «Darian Dam» (på persisk). Iran Water Resources Management. Henta 1. mars 2018. 
  2. «Water Tunnel Nosoud» (på persisk). JTMA. Henta 1. mars 2018.