Elam var eit oldtidsrike aust for Sumer og Akkad, i det som no er Khuzestan i Iran og tilstøytande område i naboprovinsar og sørlege Irak. Riket varte i rundt tre tusen år, frå ca. 2400 f.Kr. til det blei okkupert av Assyria i 646 f.Kr.. Hovudstaden heitte Susa, og ruinane av denne byen liger rundt 35 mil aust for Bagdad.

Kart over Elam (farga raudt) og naboområda. Tilnærma utstrekking i bronsealderen.
Mann med løve. Elamittiske relieff.

Namn endre

Namnet «Elam» er avleidd frå bibelsk hebraisk, og svarer til sumerisk elam(a) og akkadisk elamtu. Elamittane kalla seg sjølve haltamtielamittisk.

I Det gamle Testamentet er elamittane rekna som etterkomarar av Elam, sonen til Sem. Riket deira blei ofte kalla «Susiana» i klassisk litteratur, sjølv om Susiana var ein særskild del av riket.

Språk endre

For meir om dette emnet, sjå elamittisk.
 
Kileskriftinskripsjongammalpersisk, babylonsk og elamittisk (heilt til høgre).

Elamittisk er ikkje i slekt med dei semittiske, sumeriske eller indo-europeiske nabospråka. Det er anten rekna som eit isolert språk, eller det blir spekulert i om det er i slekt med dei dravidiske språka som no er utbreidde i Sør-India.

Fleire steg av språket er dokumentert. Dei eldste skriftdøma er skrivne med eigne skriftsystem som linear elamittisk, medan elamittane seinare gjekk over til å bruka akkadisk kileskrift. Dei tidlegaste innskriftene kan daterast til 2000-talet f.Kr. og det seinaste til akamenideriket. Elamittisk døydde ut om lag år 100. Det finst att rundt 30 000 leirtavler med skrift etter elamittane.

Kultur endre

 
Spinnande kvinne med tenar. Ny-elamitiskk relieff funne i Susa.
 
Kvinne med fiskehale og slangar avbilda på ein stele reist av kong Untash Napirisha.

Elam var eit rikt jordbruksområde som hadde kunstig vatning frå elvar som Karun. Området hadde også rik jakt og fiske og tilgang på råmaterial som tre, stein og metall. Elam gav samband mellom rika i Mesopotamia i vest og ulike stammefolk i aust. Nabofolka påverka kvarandre gjensidig, men førte også krig mot kvarandre. Den elamittiske stordomstida var den melommelamittiske perioden frå rundt 1500 til rundt 1100 f.Kr.

Lite er kjend om elamittisk religion. Dei var polyteistiske med ei viktig hovudgudinne kalla Kiririsha eller Pinikir, himmelguden Khumban eller Humban, verneguden Inshushinak, måneguden Napir, solguden Nahhunte og Jabru, herskar over underverda og far til alle gudane.

Kjelder endre

  • Barstad, Hans M. «Elam» (9. september 2014), Store norske leksikon.
  • Barstad, Hans M. «Elamittisk språk» (6. desember 2011), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elam