Djurö nasjonalpark

nasjonalpark i Sverige

Djurö nasjonalpark er ein svensk nasjonalpark som består av Djurö skjergard, ei gruppe på om lag 30 øyar i den største innsjøen i Sverige, Vänern. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og dekkjer 24 kvadratkilometer.

Djurö nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Sverige
Len Västra Götalands län
Del av Djurö Skärgård
Koordinatar 58°51′0″N 13°28′0″E / 58.85000°N 13.46667°E / 58.85000; 13.46667
Areal 24[1] km²
Grunnlagd 1991[1]
Styre Naturvårdsverket
Kart
Djurö nasjonalpark
58°50′48″N 13°27′55″E / 58.846795728824°N 13.465248392948°E / 58.846795728824; 13.465248392948
Wikimedia Commons: Djurö National Park
Djurö nasjonalpark er nummer 20 på kartet.

Øyane er i dag utan busetnad, men det står ei jakthytte her og eit automatisert fyr. Av dyreliv på øyane finn ein dåhjort og mykje forskjellig fugl som fiskeørn, falk, tjeld og svartbak. Ein kan berre sjå vatn i horisonten kring Djurö, bortsett frå i sør, der ein kan skimte Kinnekulle[2].

Ein må sjølv skaffe båt om ein skal vitje Djurö.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Djurö National Park». Naturvårdsverket. Arkivert frå originalen 4. april 2009. Henta 5. april 2012. 
  2. bilete, arkivert frå originalen 28. juli 2011, henta 5. april 2012 

Bakgrunnsstoff

endre