Dåhjort
art i hjortefamilien
Dåhjort | ||
Status i verda: ![]() Dåhjort Foto: Rob Bendall | ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Dyr | |
Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
Underrekkje: | Virveldyr | |
Klasse: | Pattedyr | |
Orden: | Klauvdyr | |
Familie: | Hjortefamilien | |
Slekt: | Dama | |
Art: | D. dama | |
Vitskapleg namn | ||
Dama dama |
Dåhjort eller dådyr, Dama dama eller Cervus dama, er eit hjortedyr som lever i Europa. Dei fleste stadene der dåhjorten finst, lever han i parkar og er berre delvis vill.[1] Han vart innført til Noreg fleire gonger på 1900-talet, og det finst mellom 100 og 500 individ i landet, dessutan streifdyr frå Sverige.[2]