Dmitrij Bortnjanskij

Dmitrij Stepanovitsj Bortnjanskij (28. oktober 175110. oktober 1825) var ein ukrainsk komponist som hovudsakleg var verksam i Russland. Han fekk stor påverknad på utviklinga av den tyske kyrkjemusikken på 1800-talet.

Dmitrij Bortnjanskij

Fødd28. oktober 1751
FødestadHlukhiv
Død10. oktober 1825 (73 år)
DødsstadSt. Petersburg
AliasRussisk Дмитрий Степанович Бортнянский, Dmitrij Stepanovitsj Bortnjanskij, ukrainsk Дмитро Степанович Бортнянський, Dmytro Stepanovytsj Bortnjanskyj
OpphavDet russiske imperiet
Sjangeropera, klassisk musikk, solokonsert, religiøs musikk
Instrumentpiano, cembalo
Verka somkomponist, dirigent, sopranist
Dmitrij Bortnjanskij

Liv og virke

endre

Bortnjanskij blei fødd i Glukhov (Hlukhiv) i Guvernementet Tsjernigov. Som sjuåring flytte han til St. Petersburg for å synge i hoffkapellkoret. Han var elev av Baldassare Galuppi som var leiar av hoffkoret til tsaren frå 1765 til 1768. I 1769 reiste Bortnjanskij med Galuppi til Italia. Her hausta han stor fagnad for operaene Creonte (Venezia, 1776); Quinto Fabio (Modena, 1778) og Alcide (Venezia, 1778).

Bortnjanskij vendte attende til St. Petersburg i 1779. I 1796 utnemnde tsar Paul I han til statsråd og leiar av hoffsongarkapellet. Under leiinga hans utvikla koret seg til eit toppensemble i europeisk sammanhang. Bortnjanskij fekk i 1814 oppdraget å skrive offisiell versjon av Johannes Chrysostomos-liturgien for den russisk-ortodokse gudstenesta som skulle gjelde for heile Russland.

Kyrkjemusikken til Bortnjanskij omfattar over 100 motetter, kantater og liturgiske stykke og i denne knytte han saman russiske og vestlege element i ein polyfon stil han lærde i Italia. Bortnjanskij skreiv òg kammermusikk og klaversonater.

Bortnjanskij snakka ukrainsk, russisk, italiensk, fransk og tysk. I 1882 gav Pjotr Tsjajkovskij ut ei ti bind stor samleutgåve av Bortnjanskij sine kyrkjemusikkverk.

Bortnjanski døydde 28. september 1825 og er gravlagd på gravplassen ved Aleksandr Nevskij-klosteret i St. Petersburg.

I Russland blei tonespråket hans rekna som forelda og kritisert som «italiensk». Likevel har han vore mykje omtykt heilt fram til vår tid, da musikken er særs tilgjengeleg og kjenslelada.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre