Doc’ er ein serie pastillar som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 1970, og finst i dag i fire ymse smakar.

Doc’ halslinser er sette saman av to lag; kjerne og skall. Kjernen blir laga av ingrediensar som blir kokte i hop til ein masse. Denne massen blir elt, før han blir strekt og forma til drops. Etter det blir dropsa plasserte i ein trommel der dei blir sentrifugerte, medan det blir tilsett ein flytande masse som utgjer skallet på pastillane.

Doc’-smakar endre

I dag finn ein Doc’ i fire ulike posar med ymse smakar.

Doc’ Stærk endre

«Doc’ Stærk» er ein ny variant i Doc’-serien som vart introdusert i 2008. Desse pastillane er sterkare enn vanleg Doc’.
Stærk finn ein i små esker og i tre ymse smakar i dag:

  • Doc’ Stærk  —sterk lakris
  • Doc’ Stærk  —polarmint
  • Doc’ Stærk  —cayenne-lakris

Kjelder endre