Dodder (An Dothrairsk) er ei elv på Irland. Ho har utspring på nordsida av Kippure i Wicklowfjella. Frå her renn ho 20 km gjennom Tallaght og forstadane Rathfarnham, Templeogue, Milltown, Clonskeagh, Donnybrook og Ballsbridge i Dublin før ho munnar ut i elva Liffey ved Ringsend.

Dodder
elv
Land  Irland
Kart
Dodder
53°18′16″N 6°17′10″W / 53.304569444444°N 6.2860472222222°W / 53.304569444444; -6.2860472222222
Wikimedia Commons: River Dodder
Dodder ved Ballsbridge i juni 2005

Elva Poddle er forbunden med Dodder i Tallaght – denne koplinga vart nytta som ein del av vassforsyninga til Dublin.

Det ligg ein overløpskant like ovanfor brua ved Ballsbridge.

Dodder og Tolka er dei nest største elvane i Dublin etter Liffey.

Sjå òg endre

Kjelder endre