Doggo Defile er eit smalt, pass med bratte sider, somme stader mindre enn 1 nautisk mil breitt, som skjer gjennom kystfjella aust for Dee forlandsbre, på vestkysten av Den antarktiske halvøya. Det vart fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947, og vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1948–50, og 1958. Namnet gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee er skildrande. Den nordvestlege inngangen er delvis skult for hundesledar som kjem langs kysten her. Det engelske uttrykket «to lie doggo» tyder «gøymd».[1]

Doggo Defile
fjellovergang
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°44′S 66°47′W / 68.733°S 66.783°W / -68.733; -66.783
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Doggo Defile
68°44′00″S 66°47′00″W / 68.7333°S 66.7833°W / -68.7333; -66.7833
Doggo Defile is located in Antarktis
Doggo Defile (Antarktis)

Kjelder endre

  1. «Doggo Defile». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Doggo Defile» (innhald frå Geographic Names Information System).