Dole Food Company
Dole Food Company, ofte kjend som Dole, er eit USA-basert fleirnasjonalt selskap som driv med landbruksprodukt som frukt, grønsaker og produkt av desse, som jus og hermetikk. Det har hovudkontor i Westlake Village i California. Dole hadde i 2011 34 500 tilsette og verka i 90 land.[3] Selskapet har lenge vore den største produsenten av frukt og grønsaker i verda, men ei samanslåing av Chiquita og Fyffes annonsert i mars 2014 vil gjera resultatet ChiquitaFyffes til den største bananprodusenten.[4]
Dole Food Company, Inc. | |||
Hovudkontoret til Dole i California. | |||
Org.form | Privat | ||
---|---|---|---|
Bransje | Landbruksindustri, næringsmiddelindustri | ||
Skipa | 1851 | ||
Hovudkontor | Westlake Village i California | ||
Land | USA (globalt) | ||
Produkt | Frukt Grønsaker Matprodukt | ||
Grunnleggjar(ar) | Samuel Northrup Castle Amos Starr Cooke | ||
Tilsette | 34 500[1] | ||
Resultat | 38,4 millionar[2] | ||
Nettstad | www.dole.com |
Historie
endreSelskapet kan førast tilbake til Castle & Cooke, grunnlagd i 1851 på Hawaii, og Hawaiian Pineapple Company, grunnlagd i 1901 av James Dole. Castle & Cooke dreiv med shipping, jernbanekonstruksjon, sjømatpakking, sukkerproduksjon og andre næringsmiddel. Hawaiian Pineapple Company dreiv hovudsakleg med ananas. Det blei delvis kjøpt av Castle & Cooke i 1932 og heilt kjøpt opp på 1960-talet, saman med Standard Fruit Company. I 1975 kjøpte det tyske Philipp Astheimer & Sohn og kom inn på den europeiske marknaden.[5] Selskapet fekk sitt noverande namn i 1991. Castle & Cooke Inc blei skilt ut som eit eigedomsselskap i 1995. Dole kjøpte opp det amerikanske frosenmatselskapet JR Woods i 2004, svenske Saba AB i 2005, bærprodusenten Sunny Ridge i 2011 og Mrs. May’s Naturals i 2012.[5]
Ein ingeniør for Dole fann i 1911 opp ein maskin som kunne skrella, ta ut midten og skiva opp ananasar. I 1933 byrja selskapet merka hermetikken sin med merkevarenamnet Dole. Den noverande logoen for Dole, med namnet i raude bokstavar og ei sol inni o-en, blei utforma i 1983.[5]
Verksemd
endreDole driv plantasjar i Sør- og Sentral-Amerika og i Stillehavs-Asia, på Filippinane. Det har pakkefabrikkar i Hua Hin og Chumphon i Thailand,[6] distribusjonssenter i Shanghai og Qingdao i Kina og fleire fabrikkar i Europa.[7]
Etiske spørsmål
endreDole Food Company er eit av dei store fruktelskapa som er blitt kritisert for å utnytta arbeidarar i utviklingsland.[8] Det er likevel blitt nemnd som eit av «verdas mest etiske selskap» av Ethisphere Magazine.[5]
I 2009 blei det skulda for å ha brukt eit sprøytemiddel, DBCP, som hadde ført til sterilitet hjå arbeidarar, på ein plantasje i Nicaragua på 1970-talet. Selskapet gjekk gjennom fleire rettssaker, men blei ikkje dømt. Den svenske dokumentarfilmen Bananas!* skildra kampen mot selskapet, og blei hardt motarbeidd av Dole Food Company.[9]
Kjelder
endre- ↑ «Dole Food Company Inc.: Private Company Information - Businessweek». Investing.businessweek.com. Henta 5. oktober 2012.
- ↑ Hoover's: Dole Food Company, Inc. Factsheet (Retrieved April 2, 2012)
- ↑ «Dole Food Company, Inc. Company Profile - Yahoo! Finance». Biz.yahoo.com. 25. september 2012. Henta 5. oktober 2012.; «| Company Profile from Hoover’s». Hoovers.com. Henta 5. oktober 2012.
- ↑ Chiquita and Fyffes join to make world's biggest banana firm. Reuters.com. Retrieved 14 March 2014.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Timeline, Dole.com
- ↑ «Locations of Dole Food Company in Thailand». Dole Food Company. 2012. Arkivert frå originalen 30. september 2012. Henta 9 September 2012.
- ↑ Dole Worldwide Arkivert 2014-05-04 ved Wayback Machine., dole.com
- ↑ Anup Shah (3. januar 2010). «The Banana Trade War». Global Issues.; «Dole bananas not ethical - Oxfam». 3 News NZ. May 28, 2013.
- ↑ «Så ville Dole styra SVT». Dagens Media. 12 juni 2009. Arkivert 2009-06-15 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Dole Food Company» frå Wikipedia på engelsk, og «Dole Food Company» frå Wikipedia på svensk den 20. april 2014.