53°17′N 7°10′E / 53.29°N 7.16°E / 53.29; 7.16

Dollart er ei bukt på grensa mellom Nederland og Tyskland på vestsida av estuaret til Ems. Det meste av bukta er tørr ved fjøre sjø. Området er ein ynda stad for vadefuglar.

Dollart oppstod truleg mellom 1219 og 1413, på grunn av stigande havnivå og nokre flaumsituasjonar. Det var truleg dike rundt bukta på denne tida, men enkelte historikarar meiner at desse dika vart angripe i 1413 og at bukta vart oversvømd. I 1520 var Dollart på sitt største, men mellom då og 1800-talet vart delar av bukta polderisert igjen.

Kjelder endre