Ein dome eller ein dom er ei avlang eller kuppelforma kvelving som til dømes oppstår i vulkanske massar eller folda bergartslag. Laga i ein dome buler oppover i midten, og om toppen av domen har erodert bort, vil ein få ei rekkje konsentriske lag som vert gradvis eldre innover mot dei eldste bergartane i midten. Mange geologiske domar er for store til at ein kan studere dei frå overflata, og kjem berre til syne på kart.

Richat-strukturen i Sahara i Afrika

Under leiting etter petroleum undersøker ein gjerne domestrukturane i sedimentære bergartar, fordi det er høve for at olje eller naturgass kan ha samla seg under eit tettande lag. I Ekofiskområdet er fleire av førekomstane knytte til domar som ligg oppå saltdiapirar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«dome» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.