Ekofiskfeltet
(Omdirigert frå Ekofisk)
Ekofiskfeltet er eit olje- og naturgassfelt i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen. Ekofisk var det første feltet på norsk sokkel som kom i produksjon (1971). Feltet er eit knutepunkt for petroleumsaktivitet sør i Nordsjøen. Felta kring nyttar seg av transportsystemet til Ekofisk for transport til kontinentet og Storbritannia. Desse felta utgjer til saman det som vert kalla Ekofiskområdet. Felta Ekofisk, Eldfisk, Embla og Tor ligg på Ekofiskområdet. I tillegg kjem dei nedstengde felta Albuskjell, Cod, Edda og Vest Ekofisk.
Havdjupna i området er 70–75 meter.