Michelangelo Buonarroti

(Omdirigert frå Michelangelo)

Michelangelo di Lodovico Buonarroti Simoni (6. mars 147518. februar 1564), kjend som Michelangelo, var ein italiensk bilethoggar, målar, arkitekt, poet og ingeniør. Han var fødd i Caprese ved Sansepolcro i Toscana og døydde i Roma.

Michelangelo Buonarroti
Michelangelo Daniele da Volterra (dettaglio).jpg
Fødd 6. mars 1475
Caprese Michelangelo
Død

18. februar 1564 (88 år)
Roma

Yrke bilethoggar, bygningstegner, kunstmålar, arkitekt, lyrikar, ingeniør, entreprenør, skribent
Michelangelo Buonarroti på Commons
Michelangelo sin skulptur David

Fordi han var så allsidig, vert han sett på som eit typisk renessansemenneske, på linje med rivalen og likemannen Leonardo da Vinci.

Michelangelo sin produksjon gjennom eit langt liv var svært omfattande. Her er store samlingar av brevvekslingar, skisser og anna etter han, og han er dermed den best dokumenterte kunstnaren frå det sekstande hundreåret.

To av dei mest kjende verka hans, Pietà og David, var skulpturar han laga før han var tretti. Michelangelo rekna seg først og fremst som bilethoggar, men han laga også to av dei viktigaste freskomåleria i vestleg kunsthistorie: Scener frå første mosebok i taket og Dommedag på altarveggen i Det sixtinske kapellet i Roma. Seinare i livet teikna han kuppelen til Peterskyrkja og fornya klassisk arkitektur med bruk av kolossordenen.

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.