Domingos Castro
Domingos Silva Castro (fødd 22. november 1963) er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Guimarães. Han vann sølvmedaljen på 5 000 meter under VM i friidrett 1987 i Roma.
Domingos Castro | |
Statsborgarskap | Portugal |
Fødd | 22. november 1963 (61 år) Fermentelos, Fermentões |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Castro vart femtemann på 10 000 meter ved EM i friidrett 1986. Året etter kneip han sølvmedaljen på 5 000 m i verdsmeisterskapen, marokkanske Saïd Aouita vann klart. I OL-finalen 1998 sette Castro personbeste 13.16,0, men måtte nøye seg med fjerdeplassen. Sommaren 1989 sprang han livsbeste 13.14,4 i eit stemne i Brussel. Sidan vart han nummer 5 på same distansen under VM 1991 i Tokyo. To år seinare sprang han i Stockholm sitt livs raskaste milløp på tida 27.34,5.
Castro sigra i Paris maraton 1995 på 2.10.06, og i Rotterdam maraton 1997, det siste på 2.07.51, bestetida hans. Han kom deretter på sjetteplass på 10 000 m i Friidretts-VM 1997 i Aten.
Kjelder
endre- Domingos CASTRO | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Domingos Castro» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2023.