Saïd Aouita (fødd 2. november 1959) er ein marokkansk tidlegare friidrettsutøvar frå Kenitra som vart olympisk meister og verdsmeister på 5000 meter, og dessutan tok bronsemedaljar på 800 m og 1500 m i tida 1983-89. Han sette verdsrekordar både på 1500 m og 5000 m.

Saïd Aouita

Statsborgarskap Marokko
Fødd 2. november 1959 (64 år)
Kénitra
Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk arabisk, Maghrebi Arabic
Høgd 175 centimeter

Aktiv endre

Aouita vann 1500-meteren ved universiaden 1981 i Bucuresti. Året etter sikra han seg pallplass på både 800 m og 1500 m då Afrika-meisterskapen fann stad i Kairo. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett tok han i 1983 bronsen på 1500 meter. Vinnaren av løpet, briten Steve Cram, var dei neste sesongane hans aller sterkaste konkurrentr på 1500 meter, spesialdistansen til begge. Ved Sommar-OL 1984 i Los Angeles satsa Aouita på 5000 meter, og med sin framifrå spurtstyrke vann han ein overbevisande siger på ny olympisk rekord, 13.05,5.

Året etter sette Aouita ny verdsrekord på 5000 meter med 13.00,4 på Bislett stadion i Oslo den 27. juli 1985. Saman med Steve Cram dominerte han også mellomdistansane, fyrst ved å vere eit halvt skritt bak briten då denne vart fyrstemann under 3.30,0 på 1500 m – 3.29,67 mot 3.29,71. For så, den 23. august, å setje ny verdsrekord med 3.29,46 i Berlin.

Den 27. juli 1987 vart Aouita fyrstemann under 13 minuttar på 5000 meter, under eit stemne i Roma kom han i mål på tida 12.58,3. Seks veker seinare var han tilbake på same arenaen, der han vann VM-gull på same distansen, men i eit langt lågare tempo.

I OL-sesongen 1988 gjorde Aouita unna sitt livs snøggaste 800 meter på 1.43,86, og tok sidan bronsen på distansen under sommarleikane 1988 i Seoul. Han deltok også på 1500 m, men ein skade førte til han kutta ut semifinalen. Tidleg i mars 1989 vann han 3000 m i innadørs-VM i Budapest, og same sommaren vart han den fyrste løparen under 7.30 på same distansen. Verdsrekorden oppnådd i Köln lydde på 7.29,4.

Aouita fekk Bislett-medaljen i 1985.[1] Han la opp i 1991.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  1. «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 30. januar 2017.