Domna Khomjuk
Domna Maksimovna Khomjuk (opphavleg Zakharova, fødd 10. september 1954) er ein kildinsamisk zooteknikar, forfattar, omsetjar og musikar.[1] Ho er òg aktiv i revitaliseringa av det kildinsamiske språket og kulturen.[1]
Domna Khomjuk | |||
Fødd | 10. september 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | kildinsamisk Туомн Хомюк, russisk Домна Максимовна Хомюк, opphavleg Захарова | ||
Opphav | Russland | ||
Verka som | zootekniker, joiker, skribent, omsetjar | ||
Prisar | Áillohaš musikkpris |
Familiebakgrunn
endreDomna Maksimovna Zakharova blei fødd 10. september 1954 i Koarrdõgk (kildinsamisk Коа̄ррдэгк, russisk Воронье)[2] i Murmansk oblast i dåverande Sovjetunionen. Foreldra hennar var reindriftssamar og dekorerte krigsveteranar. Far hennar var Maksim Antonovitsj Zakharov (1919–1984) og mora hennar var Marija Ivanovna Zakharova (1922–2008).[3][4] Saman hadde dei ni barn.[5][6]
I 1962 vedtok Sovjetunionen å bygga vasskraftverket Serebrjanskaja i nærleiken av der dei budde. For å bygga vasskraftverket, måtte ein demma opp elva Koarrdõgk (Voronja). Nokre år seinare, då heile landsbyen Koarrdõgk skulle bli overfløymd og lagt under vatn, blei familien flytta til Lovozero.[6][7]
Musikk
endreDen tradisjonelle vokalmusikken til kildinsamane, kalla livvt eller luvvt (kildinsamisk лыввьт eller луввьт), har vore ein del av livet til Khomjuk sidan ho blei fødd. Både mor og bestemor hennar song luvvt, og mora hennar var ein kjend songar.[6][8] Mora song saman med musikkgrupper som Lujavvr (kildinsamisk Луяввьр) og Ojjar (kildinsamisk Ойяр).[4][8][9] Nokre av songane hennar er blitt registrerte; desse er arkiverte i Noreg, Estland, Tyskland osb.[4] Systera til Khomjuk, Anfisa Agejeva, er òg kjend for luvvt-songen sin.
I 2002, året etter at syster hennar vann joikkategorien i Sámi Grand Prix, deltok Khomjuk i Sámi Grand Prix for fyrste gong, med ein luvvt kalla «Luojavr» (kildinsamisk Луяввьр).[10] Luvvten hennar beskriv heimbyen hennar Lovozero. I 2003 og 2019 deltok Khomjuk igjen i Sámi Grand Prix saman med systera Anfisa Agejeva med bidraga «Duottar» og «Vuess».[10] I 2019 vann Khomjuk Áillohaš musikkpris.[11] I 2021 deltok ho igjen i Sámi Grand Prix, med «Parrša vigket» (kildinsamisk Па̄ррьшя вигетѣ).[12][13]
I tillegg til å framføra luvvt, samlar Khomjuk og systera hennar òg inn luvvtar og registrerer dei, for å sikra at framtidige generasjonar har tilgang til dei.[6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Балакина, Дарья; Большакова, Надежда (2019). Альманах саамской литературы [Anthology of Sámi Literature] (på russisk). Moskfa: Живая классика. s. 226–227. ISBN 978-5-4489-0229-1.
- ↑ «Коа̄ррдэгк» (på kildinsamisk og russisk). Henta 16. november 2021.
- ↑ «Захаров Максим (1919 – 1984)» [Zakharov Maksim (1919 – 1984)] (på russisk og kildinsamisk). Фонд сохранения и изучения родных языков народов Российской Федерации. Henta 8. april 2021.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Захарова Мария (1922 – 2008)» [Zakharova Mariya (1922 – 2008)] (på russisk og kildinsamisk). Фонд сохранения и изучения родных языков народов Российской Федерации. Henta 4. april 2021.
- ↑ Наумова, Светлана (8. februar 2012). «Сохрани очаг свой» (på russisk). Мурманский вестник. Henta 7. august 2021.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Дежкина, Галина (17. november 2016). «В Мончегорске прошел вечер "Маленький народ Большого Севера"» (på russisk). Хибины. Henta 7. august 2021.
- ↑ «Waters of Health 2020 – Season 1 Report» (PDF). Snowchange Cooperative. November 2020. Henta 7. august 2021.
- ↑ 8,0 8,1 Anti, Kila (11. november 2018). «Leudejeaddjit lassánit» (på nordsamisk). Ávvir. Henta 17. april 2021.
- ↑ «История саамской семьи в летописи Великой Отечественной войны» (på russisk). Министерство внутренней политики Мурманской области. 7. mai 2020. Henta 6. august 2021.
- ↑ 10,0 10,1 Hætta, Wenche Marie (29. mars 2007). «Hvem-Hva-Når om Sámi Grand Prix» (på norsk bokmål). NRK Sámi Radio. Henta 2. august 2021.
- ↑ «Áillohaš-prisen til en beveget Domna Khomjuk» (på norsk). 20. april 2019. Henta 11. april 2022.
- ↑ Larsen, Dan Robert; Paul, Aleksander (2. april 2021). «Ovddideaba áiton giela buoremus sáddenáiggis» (på nordsamisk). NRK Sápmi. Henta 17. april 2021.
- ↑ «Музыканты из Мурманской области стали призёрами Саамского Гран-при в Норвегии» (på russisk). GoArctic.ru. 5. april 2021. Henta 7. august 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Domna Khomjuk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. april 2022.