Lovozero
Lovozero (kildinsamisk Луяввьр, skoltesamisk Luujäuʹrr, russisk Ловозеро, nordsamisk Lujávri, finsk Luujärvi) er ein innsjø på Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Vatnet i innsjøen renn ut i Barentshavet via Voronja. Han har eit areal på 200 km², er 5,7 meter djup i snitt og opp mot 35 meter på det djupaste. Den hydrauliske opphaldstida er 10 månader. Innsjøen har ein svingande kyst og mange halvøyar og øyar. Området rundt innsjøen, som Lovozerskije-tundraen vert ofte kalla Ловозёрье (Lovoziorje) på russisk.
Lovozero | |||
innsjø | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Naturleg innsjø, vassreservoar | ||
Opphaldstid | 10 månader | ||
Areal | 200 km² | ||
Middeldjupn | 5,7 m | ||
Koordinatar | 67°54′N 35°12′E / 67.900°N 35.200°E | ||
Lovozero 67°51′00″N 35°10′00″E / 67.85°N 35.166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lovozero Lake |
I 1970 vart det bygd to vasskraftverk langs Voronja i Serebrjansk, om lag 100 km nedanfor innsjøen. Demninga ved kraftverket danna eit reservoar med vassflate på same nivå som Lovozero, noko som auka storleiken av Lovozero kraftig.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Lovozero» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lovozero i Murmansk oblast Arkivert 2012-07-28 ved Wayback Machine.