Kildinsamisk

samisk språk

Kildinsamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka i Murmansk oblast i Russland. Tidlegare vart det snakka over heile Kolahalvøya, men på grunn av sentraliseringspolitikken på 60-talet blir det no snakka nesten berre i Lovozero. Det er det største av dei samiske språka som blir snakka i Russland, og det einaste av dei som har eit skriftspråk. Namnet kjem av Кильдин (Kildin), ei øy på nordkysten av Kolahalvøya. Kildinsamane kallar seg са̄ммьленч (saaḿḿlentš) og språket sitt са̄мь кӣлл (saaḿ kiill). Den eldste kjende dokumentasjonen av samiske språk er ei kildinsamisk ordliste frå 1557, skriven ned av den britiske oppdagaren Steven Borough i 1557 og gjeven ut av Richard Hakluyt.[1][2]

Kildinsamisk
Кӣллт са̄мь кӣлл, Kiillt saam' kiill
Klassifisering Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i Russland
Område Murmansk oblast
Kildinsamisktalande i alt 650
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem det kyrilliske alfabetet
Normert av Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-3 sjd
Glottolog kild1236

Grammatikk endre

Fonologi endre

Etter Rimma Kurutsj si ordbok har det kildinsamiske skriftspråket desse vokalane:

Monoftongar i kildinsamisk
  fremre midtre bakre
lang kort lang kort lang kort
lukka ӣ и ы̄ ы ӯ у
midtre э̄ э о̄ о
open   а̄ а̄



Morfologi endre

Kildinsamisk har ni kasus, jf. пуаз "reinsdyr":

Kasus Sg Pl
Nominativ пуаз пӯдзэ
Genitiv пӯдзэ пӯдзэ
Akkusativ пӯдзэ пӯдзэтѣ
Lokativ пӯдзэсьт пӯдзэнѣ
Illativ пӯдзъе пӯдзэтъ
Abessiv пӯдзаһта пӯдзэха
Komitativ пӯдзэнѣ пӯдзэгуэйм
Essiv пӯдзэнѣ
Partitiv пӯдзэдтӭ

Historie endre

Skriftspråket si utvikling endre

 
Det kildinsamiske alfabetet frå 1930-talet.


Kildinsamisk fekk skriftspråk med det latinske alfabetet på 30-talet, men til liks med dei andre av Finlands små nabospråk vart det ikkje tatt i bruk att etter 2. verdskrigen. Først på 1970-talet vart det starta opp arbeid med å lage eit kildinsamisk skriftspråk. Den samiske læraren Aleksandra A. Antonova skreiv i 1982 ei abc-bok Sām´ bukvar´ (Са̄мь букварь) der ho representerte det samiske språket med hjelp av dei russiske bokstavane. Vokallengd (t.d. ӯ for /u:/) og ustemde sonorantar ӆ /l̥/, ӎ /m̥/, ӊ /n̥/ og ҏ /r̥/ (med unntak av /j̊/) er representert med hjelp av diakritika. Såkalla halvpalatalisering av /t/ og /n/ vart markert med den kyrkjeslaviske bokstaven Ҍ ҍ (t.d. тҍ) eller med hjelp av diakritiske teikn (t.ex. ӭ) , avhengig av konsonantens posisjon i utlyd eller før vokal. Antonovas ortografi, som også vart brukt av Georgij M. Kert til den kildinsamisk-russisk-kildinsamiske skoleordboka han gav ut i 1986, vart utvikla vidare av Rimma D. Kurutsj. Kurutsj arbeidde i lag med samiske medarbeidarar i Murmansk (m.a. Nina E. Afanasjeva) med utviklinga av kildinsamisk. I tillegg til lærebøker og didaktisk kursmateriale til undervisning av samiske lærarar laga arbeidsgruppa også den store kildinsamisk-russiske ordboka som kom ut i 1985 og også omfattar ein kort normativ oversiktsgrammatikk av kildinsamisk.

Antonovas ortografi vart utvida med Һ һ som teikn for preaspirasjon og med Ј ј for den ustemde sonoranten /j̊/. Desse to bokstavane vart likevel seinare bytta ut med ' (apostrof) og Ҋ ҋ. Den siste versjonen av ortografien vart også fastsett i ei bok frå 1995 om ortografiske prinsipp og reglar. Desse reglane har likevel aldri vorte akseptert av alle samane i Russland, og den dag i dag brukast Antonovas ortografi og dei to nyare variantane samtidig.

Etter at Sovjetunionen fall saman har det vore ein diskusjon om kildinsamisk skulle gå over til det latinske alfabetet. Det har ikkje blitt gjort noko alvorleg forsøk på å tilpassa alfabetet til språket, og tilhengarane av det kyrillisk-baserte skriftspråket gjekk sigrande ut av debatten.

Det kyrilliske skriftspråket som har vore i bruk sidan 1970-talet inneheld desse bokstavane:

А а Ӓ ӓ Б б В в Г г Д д Е е Ё ё Ж ж З з ' (Һ һ)
/a/ /*a/ /b/ /v/ /g/ /d/ /je/ / jo/ /ʒ/ /z/ /ʰ/
И и Й й Ҋ ҋ (Ј ј) К к Л л Ӆ ӆ М м Ӎ ӎ Н н Ӊ ӊ
/i/ /j/ |/j̊/ /k/ /l/ /l̥/ /m/ /m̥/ /n/ /n̥/
Ӈ ӈ О о П п Р р Ҏ ҏ С с Т т У у Ф ф Х х Ц ц
/ŋ/ /o/ /p/ /r/ /r̥/ /s/ /t/ /u/ /f/ /x/ /ts/
Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ыы Ь ь Ҍ ҍ Э э Ӭ ӭ Ю ю Я я
/tʃ/ /ʃ/ / ʃtʃ/ * /ɨ/ /j/ * /e/ /*e/ /ju/ /ja/

Vokalane har lengdemarkering: а̄, е̄, ӣ, о̄, ӯ, я̄, э̄, ы̄, ю̄.

Situasjonen i dag endre

I følgje sovjetisk statistikk snakka 650 av 1660 samar i Murmansk oblast samisk i 1989, av desse ca. 50 andre samiske språk og 600 kildinsamisk. Det inneber at det i dei fleste tilfella berre er den eldste generasjonen som framleis snakkar kildinsamisk. Frå og med nittitalet har det vore livleg kontakt mellom samar i Russland og Norden, framfor alt i Karasjok. Frå og med våren 2005 og ei tid framover var det samiske radiosendingar i Lovozero, og den samiske avisa Ávvir har jamnlege reportasjar frå Lovozero.

Ved folketeljinga i Russland i 2010 var talet på samisktalande i heile Russland totalt gått ned til 353 personar.[3]

Forskingshistorie endre

Dei første opplysningane om samisk, frå 1500-talet, er frå eitt av dei samiske språka på Kola-halvøya. Seinare hamna kildinsamisk i skuggen av dei andre samiske språka. Det første seriøse språkarbeidet kom då dei finske fennougristane ville utforske samisk språkhistorie sist på 1800-talet, til det trong dei påliteleg informasjon om alle dei samiske språka. Arvid Genetz si ordbok var den første som kom ut, deretter kom T.I. Itkonen sitt monumentale ordboksverk. Det vart også samla inn tekstar, særleg før oktoberrevolusjonen, då dei finske forskarane kunne dra til Kola og samle materiale.

Då sovjettida kom, underkasta dei sovjetiske lingvistane samisk den same handsaminga som andre språk, dei la grunnlaget for skriftspråket via empirisk grunnforsking. Etter andre verdskrigen vart undervisninga i kildinsamisk stoppa. Likevel heldt ein forskar, G.M. Kert fram med å arbeide med kildinsamisk. Han har framfor alt skrive ein monografi over kildinsamisk, og også tekstprøvar og stadnamnmateriale.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. John Abercromby: «The earliest list of Russian Lapp words». Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 13/2 (1985) s. 1–8
  2. Arvid Genetz: «Bemerkungen zum Obigen». Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 13/2 (1985) s. 8–10
  3. Folketeljinga i Russland 2010 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 27. januar 2021, henta 26. desember 2012 

Bibliografiar endre

Litteratur endre

  • Antonova A. A., N. Je. Afanas'eva, Je. I. Mečkina, L. D. Jakovlev, B. A. Gluhov (red. Rimma D. Kuruč). 1985. Saamsko-russkij slovar' = Saam'-rūšš soagknehk'. Moskva.
  • Antonova, Aleksandra A. 1982. Saam' bukvar'. Bukvar' dlja podgotovitel'nogo klassa saamskoi školy. Leningrad.
  • Genetz, Arvid 1891: Kuollan lapin murteiden sanakirja ynnä kielennäytteitä = Wörterbuch der Kola-lappischen Dialekte nebst Sprachproben. Bidrag till kännedomen af Finlands natur och folk 50. XLVI, 291 s.
  • Itkonen, Erkki 1946: Struktur und Entwicklung der Ostlappischen Quantitätssysteme. Suomalais-ugrilaisen Seuran Toimituksia ; 88. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1946.
  • Itkonen, Erkki 1985: Kildinlappische Sprachproben. Herausgegeben von Juhani Lehtiranta. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia 191. Helsinki, 1985.
  • Itkonen, T.I. 1958: Koltan- ja kuolanlapin sanakirja = Wörterbuch des Kolta- und Kolalapischen. Lexica Societatis Fenno-Ugricae 15. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura.
  • Itkonen, T.I. 1958: Über die skandinavischen Lehnwörter im Kolta- und Kolalappischen. Suomalais-ugrilaisen seuran aikakauskirja ; 60 (21 s.). Helsinki : Suomalais-Ugrilainen seura, 1958.
  • Itkonen, T.I. Koltan- ja kuolanlappalaisia satuja. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia
  • Kert, G.M. 1971: Saamskij jazyk : kil'dinskij dialekt : fonetika morfologija sintaksis. Leningrad : Nauka, 1971.
  • Kert, Georgij M. 1971. Saamskij jazyk (kil´dinskij dialekt). Fonetika, morfologija, sintaksis. Leningrad.
  • Kert, Georgij M. 1986. Slovar' saamsko-russkij i russko-saamskij. Leningrad.
  • Kuruč, Rimma D., N. Je. Afanas'eva, og I.V. Vinogradova. 1995. Pravila orfografii i punktuacii saamskogo jazyka. Murmansk-Moskva.
  • Scheller, Elisabeth 2004. Kolasamiska – språkbyte eller språkbevarande? En sociolingvistisk studie av samernas språksituation i Ryssland. D-uppsats i Samiska studier.

Bakgrunnsstoff endre


  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.