Don't Lose My Number
Don't Lose My Number Singel av Phil Collins frå albumet No Jacket Required | ||
B-side |
We Said Hello Goodbye | |
---|---|---|
Utgjeve | 30. mai 1985 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 4:48 | |
Selskap | ||
Låtskrivar(ar) | Phil Collins | |
Produsent |
| |
Phil Collins-kronologi | ||
«Sussudio» (1985) |
Don't Lose My Number | «Take Me Home» (1985)
|
«Don't Lose My Number» er ein song av Phil Collins frå det tredje soloalbumet hans No Jacket Required frå 1985. Songen vart ikkje gjeve ut som singel i Storbritannia, men nådde fjerdeplassen på singellista i USA i september 1985. B-sida, «We Said Hello Goodbye», vart gjeven ut som bonusspor på CD-versjonen av No Jacket Required.
Historie
endreSongen er retta mot nokon kalla «Billy» som songaren håpar å finne (og håpar at Billy framleis har nummeret hans). Collins har sagt at han skreiv det meste av songen under innspelinga av det første albumet hans, Face Value. Collins har òg sat at teksten i stor grad var improvisert, og at han sjølv ikkje heilt veit kva songen handlar om. Stephen Holden i New York Times skreiv om teksten at han var særs «vag, og skisserer eit melodrama utan å syne den heile historia».[1]
Musikkvideo
endreCollins visste ikke kva videoen skulle handle om, så han valgte å lage ein video der han prøver å finne ut kva tema videoen skulle ha.[2] I den faktiske videoen så snakkar Collins med forskjellige «regissørar», som alle gjev han dårlege idear for videoen. I forslaga deira parodierer Collins fleire musikkvideoar frå denne tida, som videoar av Michael Jackson, David Lee Roth («California Girls»), Elton John, The Police («Every Breath You Take») og The Cars («You Might Think»), i tillegg til filmar som Mad Max 2 og forskjellige samurai- og westernfilmar.[2]
Innhald
endre7": Atlantic / 7-89536 (US)
endre- "Don't Lose My Number"
- "We Said Hello Goodbye"
12": Atlantic / 0-86863 (US)
endre- "Don't Lose My Number» (Extended Mix)
- "Don't Lose My Number"
- "We Said Hello Goodbye"
CD: WEA International / WPCR 2063 (Japan)
endre- "Don't Lose My Number"
- "We Said Hello Goodbye"
Medverkande
endre- Phil Collins: vokal, klaverinstrument, trommer, LinnDrum
- Daryl Stuermer: gitarar
- Lee Sklar: bassgitar
- David Frank: ekstrrar klaverinstrument
Salslister
endreListe (1985) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[3] | 10 |
Canadian Singles Chart | 11 |
Den nederlandske singellista | 44 |
New Zealand (RIANZ) | 22 |
U.S. Billboard Hot 100 | 4 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 25 |
U.S. Billboard Hot Mainstream Rock Tracks | 33 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Don't Lose My Number» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Holden, Stephen (7 April 1985). «Phil Collins: Pop Music's Answer to Alfred Hitchcock». New York Times. Henta 10. februar 2013.
- ↑ 2,0 2,1 Pareles, Jon (2. november 1986). «HOME VIDEO; Recent Releases Of Video Cassettes: Photos and 'White Suit'». New York Times. Henta 10. februar 2013.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 71. ISBN 0-646-11917-6. N.B. the Kent Report chart was licensed by ARIA between mid 1983 and 19. juni 1988.