Don’t Bother Me
Don't Bother Me Song av The Beatles frå albumet With the Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1963 | |
Innspelt | 11.-12. september 1963 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:29 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | George Harrison | |
Tekstforfattar | George Harrison | |
Låtskrivar(ar) | George Harrison | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
So go away, leave me alone, don’t bother me.
George Harrison
Don’t Bother Me (1963) |
«Don’t Bother Me» er den første songen skrive av George Harrison. Han vart gjeve ut på albumet With the Beatles av The Beatles i 1963.
Harrison skreiv songen medan han låg sjuk på eit hotellrom i Bournemouth i England, der Beatles spelte nokre konsertar sommaren 1963. Harrison har sjølv aldri tykt så mykje som songen og såg på songen som eit eksperiment for å sjå om han kunne skrive ein song.
Den mørke stemninga og ulukkelege teksten, «So go away, leave me alone, don’t bother me», var uvanleg for The Beatles på denne tida, men skulle kome til å verte karakteristisk for Harrison. Songen er stort sett i moll og har eit tjukt lydbilete med doble vokalspor, gitarar med mykje klang og livlege trommer. Rytmen er ein latinsk rytme med ein stop-time-struktur.
Medverkande
endre- George Harrison — sologitar, vokal
- John Lennon — rytmegitar, tamburin
- Paul McCartney — bass, claves
- Ringo Starr — trommer, bongotrommer
- George Martin – plateprodusent
- Norman Smith – lydteknikar
- Personell per Ian MacDonald[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Harrison, George (1980). I Me Mine. Simon og Schuster. ISBN 0-671-42787-3.
- MacDonald, Ian (1995). Revolution In the Head: The Beatles' Records og the Sixties. Vintage. ISBN 0-7126-6697-4.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- ↑ MacDonald 2005, s. 98.