Donald «Don» Shinn fødd 15. desember 1945) er ein engelsk klaverspelar, multi-instrumentalist, komponist og songar. Han er mest kjend som organist og pianist, men speler òg vibrafon.

Don Shinn
Fødd15. desember 1945 (74 år)
FødestadWest Ham
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–
Instrumenttangentinstrument
Verka somkomponist, songar

Tidleg i 1960-åra spelte han med fleire britiske beat-grupper, som The MeddyEVILS, The Echoes (akkompagnerte Dusty Springfield) og The Soul Agents (med Rod Stewart). I 1967 skipa han sitt eige band, The Shinn, med den framtidige Uriah Heep-bassisten Paul Newton, den framtidige trommeslagaren for The Nice, Brian Davison og vokalisten Eddie Lamb. I 1969 gav han ut to instrumentale album, Departures og Temples With Prophets. Han var medlem av det engelske bandet Dada (med Elkie Brooks).

Han har òg arbeidd med Kiki Dee, James Taylor, Engelbert Humperdinck, Stan Tracey, Parvaneh Farid, Iguana og Renaissance. Han vert rekna som ein pioner innan progressiv rock seint i 1960-åra og har blitt omtalt av Keith Emerson som ei stor inspirasjonskjelde.[1][2][3]

KjelderEndra

  1. Milano, Dominic (Oktober 1977). «Interview with Keith Emerson». Contemporary Keyboard. 
  2. Doerschuk, Robert L. (June 1992). Keyboard.  Missing or empty |title= (hjelp)
  3. Doerschuk, Robert L. (Oktober 1995). Keyboard.  Missing or empty |title= (hjelp)