Donald McNicol Sutherland (fødd 17. juli 1935) er ein nordamerikansk skodespelar fødd i Canada. Sutherland har hatt ei over 50 år lang karriere. Han er kjend frå filmar som The Dirty Dozen, (1967) M*A*S*H og Kelly's Heroes (1970) og Invasion of the Body Snatchers (1978). Han har også spelt i britiske og USA-amerikanske fjernsynsseriar.
Donald Sutherland |
 |
|
Fødd | 17. juli 1935 (88 år) |
---|
Fødestad | Saint John |
---|
Aktive år | 1963– |
---|
Verka som | skodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, talsperson, filmprodusent, karakterskodespelar, teaterskodespelar, fredsaktivist, fjernsynsskodespelar, manusforfattar |
---|
Mor | Dorothy Isobel McNichol |
---|
Far | Frederick McLea Sutherland |
---|
Ektefelle | Shirley Douglas, Francine Racette |
---|
Born | Kiefer Sutherland, Rossif Sutherland, Angus Sutherland, Rachel Sutherland |
---|
Prisar | Companion of the Order of Canada, Romy, Teen Choice Award for Best Villain, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Æres-Oscar, Canada’s Walk of Fame, Governor General’s Performing Arts Award, Primetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actor in a Miniseries or a Movie, stjerne på Hollywood Walk of Fame, offiser av Order of Canada, Dronning Elisabeth IIs gulljubileumsmedalje, Queen Elizabeth II Diamond Jubilee Medal, Ordre des Arts et des Lettres, Golden Globe Award for Best Supporting Actor – Series, Miniseries or Television Film |
---|
Sutherland vart fødd i Saint John i New Brunswick og voks opp i Bridgewater i Nova Scotia. Han studerte ved Victoria College ved Universitetet i Toronto, der han tok mastergrad i drama og ingeniørfag, før han drog til England for å studera ved London Academy of Music and Dramatic Art (LAMDA).