Donkey Kong Country: Tropical Freeze
dataspel frå 2014
Donkey Kong Country: Tropical Freeze er eit plattformspel utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo. Spelet blei utgjeve til Wii U i februar 2014 og er ein oppfølgjar til Donkey Kong Country Returns frå 2010. Ei utvida utgåve av spelet blei utgjeven til Nintendo Switch i mai 2018.[1]
Donkey Kong Country: Tropical Freeze | |||
Utviklar(ar) | Retro Studios | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Ryan Harris Vince Joly | ||
Produsent(ar) | Kensuke Tanabe | ||
Komponist(ar) | David Wise | ||
Serie | Donkey Kong, Donkey Kong Country | ||
Plattform(er) | Wii U, Nintendo Switch | ||
Utgjeving | Wii U JP: 14. februar 2014 NA: 21. februar 2014 EU: 21. februar 2014 Nintendo Switch JP: 3. mai 2018 NA: 4. mai 2018 EU: 4. mai 2018 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 3 | ||
Nettstad | https://donkeykong.nintendo.com/tropical-freeze/ | ||
Del av serien Donkey Kong, Donkey Kong Country⠀ | |||
←Donkey Kong Country Returns⠀ · |
Tropical Freeze byggjer på dei same spelemekanikkane som dei tidlegare spela i Donkey Kong Country-serien. Spelet handlar om Donkey Kong og hans allierte som kjempar mot vikingstammen Snowmads og må reise gjennom seks ulike øyar. Spelaren styrer Donkey Kong, som kan få hjelp frå ein følgjesvein, som anten gjev Donkey Kong nye evnar eller som kan kontrollerast individuelt av ein annan spelar.[2]
Referansar
endre- ↑ «Wii U games Donkey Kong: Tropical Freeze, Hyrule Warriors headed to Nintendo Switch». Eurogamer. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Nintendo Switch: Donkey Kong Country: Tropical Freeze». Nintendo. Henta 19. mai 2018.