Donnellanbreen
Donnellanbreen er ein bratt dalbre som får is frå dei nærliggande Opalchenie Peak og Fukushima Peak på Vinson Plateau, topplatået i Vinson Massif i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Isbreen flyt vest-sørvestover frå Opalchenie Peak langs nordsida av Mount Slaughter ut i Nimitzbreen.
Donnellanbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 78°36′S 85°48′W / 78.600°S 85.800°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Donnellanbreen 78°36′S 85°48′W / 78.6°S 85.8°W | |||
Isbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names i 2006 etter Andrea Donnellan frå Satellite Geodesy and Geodynamics Systems Group ved Jet Propulsion Laboratory i California Institute of Technology, som frå midten av 1990-åra var involvert i forskingsprosjekt der ein nytta GPS i studiet av korleis jordskorpa vart derformert i Sør-California og i Antarktis.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Donnellan Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Donnellanbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).