Opalchenie Peak er eit fjell med ei høgd opp mot 4500 m heilt sør på Vinson Plateau i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Sørsida av fjellet er stupbratt og delvis isfri, og utanom sørsida har fjellet låg skardhøgd med to parallelle ryggar sørvestover mot Donnellanbreen som ligg mellom dette fjellet og Mount Slaughter.

Opalchenie Peak
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 •  høgd 4 500 moh.
 - koordinatar 78°34′02″S 85°34′53″W / 78.56722°S 85.58139°W / -78.56722; -85.58139
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Opalchenie Peak
78°34′02″S 85°34′53″W / 78.5672°S 85.5814°W / -78.5672; -85.5814
Opalchenie Peak is located in Antarktis
Opalchenie Peak (Antarktis)

Fjellet er kalla opp etter den frivillige bulgarske styrken i den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878 og Balkankrigane 1912-1913.

Opalchenie Peak ligg 2,66 km sør-søraust for Silverstein Peak, 990 m sør for Fukushima Peak, 7,49 km nordvest for Mount Rutford, 4,09 km nordaust for Mount Slaughter og 7,41 km aust for Brichebor Peak.

Kjelder

endre