Donnie Van Zant

amerikansk songar

Donald Newton Van Zant (fødd 11. juni 1952) er ein USA-amerikansk rockesongar, låtskrivar og gitarist. Han er mest kjend for å ha skipa bandet 38 Special, der han var medlem frå 1974 til 2013. Han er den yngre broren til Ronnie, som var den originale songaren i Lynyrd Skynyrd og som døydde i ei flyulukke i 1977. Den yngre broren Johnny har vore songar for Lynyrd Skynyrd sidan 1987. Donnie og Johnny Van Zant har òg spelt i lag i gruppa Van Zant.

Donnie Van Zant
38 Special at Simpleman 2011.jpg
Van Zant i 2011
Fødd11. juni 1952 (69 år)
FødestadJacksonville i Florida i USA
FødenamnDonald Newton Van Zant
OpphavUSA
Aktiv1968–2013
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • gitar
Tilknytte artistar
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • musikar

I 2013 slutta Van Zant i .38 Special som følgje av nerveskadar i det indre øyra.[1]

KjelderEndra

  1. «WhistleStop music 2014: 38 Special». © 2015 Alabama Media Group All rights reserved. 2014. Henta 20. desember 2020. 

BakgrunnsstoffEndra